Hopp til innhold

Venstre og KrF krev E39-avklaring: Vil ha midtre trasé

KrF og Venstre går no saman krev ei avklaring frå regjeringa om kvar E39 skal gå gjennom Nordfjord. Dei to partia meiner det midtre alternativet bør veljast.

E39-traseen

GÅR FOR MIDTRE: Både Sveinung Rotevatn (V) og Trude Brosvik (KrF) vil ha fjordkryssing mellom Anda og Lote.

Foto: Montasje

Stortingskandidat for Venstre, Sveinung Rotevatn, seier mange trudde på ei avklaring då Nasjonal Transportplan, NTP, vart lagt fram i april. Men den kom ikkje.

– Det er heilt avgjerande for å sikre regional utvikling og knytte regionen saman. Vi ønskjer eit svar og det svaret må vere midtre trase, seier han til NRK.no.

Krev handling

Neste veke skal NTP opp til handsaming i Stortinget, og no krev Venstre og KrF handling frå regjeringa.

– I denne saka har det vore ulike meiningar og tøffe diskusjonar. No er det tid for å fatte vedtak. Vi må følgje regjeringa si eiga distriktsmelding som seier at vegane skal brukast til å knytte regionar saman, seier Rotevatn.

Samla front

Også Kristeleg Folkeparti ber om avklaring. KrF-leiar Knut Arild Hareide som er leiar for Stortingets transport- og komunikasjonskomité, er oppteken av at vegen skal bidra til regional utvikling.

– Den regionale nytten for Nordfjord er noko eg trur vil vere viktig når Stortinget skal ta si endelege avgjerd, seier Hareide i ei pressemelding.

Førstekandidat for Sogn og Fjordane KrF, Trude Brosvik, fryktar for konsekvensane dersom kyststamvegen vert lagt inst i nordfjorden.

– Det vil vere sterkt beklageleg dersom E39 gjennom Nordfjord ikkje skal krysse ved Anda-Lote og dermed utløyse størst mogeleg regional utvikling. Eg trudde det var ein av dei viktigaste grunnane til å bygge veg, seier Brosvik.

Høgre går for indre

Ifølgje Fjordingen går no Høgre sentralt inn for indre linje gjennom Nordfjord.

- Eg er glad for avklaringa der Høgre sentralt på denne måten følgjer opp synet til fleirtalet i fylkestingsgruppa, og det som eit stort fleirtal på Høgre sitt fylkesårsmøte i Sogn og Fjordane vedtok, seier stortingsrepresentant Bjørn Lødemel til Fjordingen.

Tunnel gjennom Utvikfjellet, Svarstad-bru og Kvivsvegen er sentrale element i indre E39-linje mellom Byrkjelo og Volda.