Hopp til innhold

Nytt brev tilrår E39 via Stryn

Ordførar Alfred Bjørlo (V) i Eid misser ikkje nattesøvnen over eit nytt internt brev frå Vegdirektoratet med tilråding om indre line for E39.

Alfred Bjørlo

SØV GODT: Ordførar Alfred Bjørlo (V) i Eid meiner at ein ny SINTEF-rapport om framtidig E39 ikkje tilfører debatten noko nytt.

Foto: Asgeir Reksnes / NRK

Brevet er ifølgje Sunnmørsposten skrive i februar, men gjort offentleg denne veka.

Ny målemetode viser ifølgje brevet at både midtre og indre line gir større netto nytte enn ein tidlegare har rekna med. Best skal utslaget vere for indre line.

– At det kjem nye utrekningar frå dei som heile tida har vore sterke talsmenn for indre trasé må ein rekne med i denne prosessen, men eg kan ikkje sjå at det forandrar saka vesentleg, seier Alfred Bjørlo (V), ordførar i Eid, til NRK.no.

SINTEF-rapport

Kjell Kvåle

INDRE: Kjell Kvåle seier ein ny rapport tilrår E39 om Stryn.

Foto: Trond Vestre / NRK

Ifølgje avisa tilrår eit offentleg utval bruk av nye målemetodar for samfunnsanalyse av vegprosjekt. På bakgrunn av dette bad departementet om nye utrekningar for E39. Den viser at netto nytte per budsjettkrone er best med det kring to milliardar kroner rimelegare alternativet om Stryn.

Utrekningane er gjort av SINTEF.

– Det nye reknestykket er basert på fire prosent rente og 40 år. Og den indre linja var best igjen, opplyser Kjell Kvåle i Statens vegvesen til Sunnmørsposten.

Anna modell

Rapporten og utrekningane føyer seg inn i rekkja blant fleire som dreg traseen fram og tilbake mellom Anda–Lote og alternativet med brukryssing ved Svarstad i Stryn.

Både Fylkestinget og regjeringa sin kvalitetssikringsrapport går for midtre trasé. Ordførar i Stryn, Sven Flo (H), presiserer at desse vedtaka er basert på andre utrekningsmodellar.

– Det er veldig gledeleg og veldig greitt å få stadfesta kva utrekningsmodellen ein skal nytte, slik at vi får lagt litt av denne uvissa død og kan halde oss til ein utrekningsmetode, seier ordførar Sven Flo (H) til NRK.

– Enkelt val

Flo meiner rapporten bør gjere trasévalet svært enkelt for politikarane. Han kan ikkje sjå tunge argument for midtre linje.

Sven Flo

NØGD: Sven Flo (H), ordførar i Stryn.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

– I veldig mange samanhengar vil ei fagleg vurdering vege tungt i ein totalvurdering. No er det også slik at det er politikk inne i dette, og det er vanskeleg å spå korleis sentrale politikarar diskuterer på kammerset korleis dei vil løyse det politisk eller taktisk for den saks skuld, seier han.

– Forandrar ingenting

I Eid tek ikkje Bjørlo rapporten til inntekt for noko som helst. Ordføraren har ikkje sjølv sett brevet, men seier den siste tilrådinga ikkje vil ta frå han nattesøvnen.

– Hovudpoenget er at regjeringa sine kvalitetssikrarar har kome til ein heilt klar konklusjon på midtre, seier ordføraren og avsluttar:

– Regjeringa har også nett lagt fram ei ny distrikts og regionalmelding som seier at ein skal leggje sterkare vekt på utvikling av bu- og arbeidsmarknadsregionar. Dette er moment som eg legg til grunn heller ikkje er med i dei nye utrekningane som Statens vegvesen har gjort.