Denne dagen har Svein Sunde venta lenge på

Svein Sunde i vegselskapet «Gode Vegar» har venta i mange år på kjensla han føler etter regjeringa si E39-avgjerd. I Gloppen er skuffelsen enorm.

Svein Sunde

NØGD: Det tok si tid før Svein Sunde sovna i natt, men etter regjeringa si E39-avklaring sov han svært godt då han først sovna.

Foto: Silje Guddal / NRK

Statsminister Erna Solberg (H) si regjering går for indre line, som betyr at dagens trasé gjennom Gloppen og Eid blir flytta til Stryn.

– Det er ein heilt fantastisk dag. Vi har venta på denne sidan vi fekk gjennomslag for Kvivsvegen, jublar Svein Sunde i «Gode Vegar».

– No får vi utteljing

Den blå regjeringa vil legge 5,8 milliardar kroner på bordet for løysinga som skal gje 87 ferjefrie kilometer frå Skei i Jølster til Volda. Reisetida blir om lag ein time.

Indre og midtre delar av Nordfjord har siste åra vore rykande usamde i vegspørsmålet. Sunde meiner Kvivsvegen vart den utløysande faktoren når indre trase no trekte det lengste strået.

– Det er investert 2,2 milliardar kroner frå Volda til Grodås. Vi er halvveges og desse midlane får ein ikkje utteljing for før ein fullfører siste halvdel til Byrkjelo, seier han.

Skuffa Ryssdal

Anders Ryssdal

SKUFFA: Ordførar i Gloppen, Anders Ryssdal (Sp), er skuffa over avgjerda til regjeringa.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

I Gloppen følgjer ordførar Anders Ryssdal (Sp) opp gratulasjonane frå Eid-ordførar Alfred Bjørlo (V) til kollega Sven Flo (H) i Stryn. Det betyr likevel ikkje at han er samd i avgjerda til den blåblå regjeringa.

– Eg må seie eg er litt skuffa når ein ser kva regjeringa har falle ned på når det gjeld Hordaland og Møre og Romsdal, så burde vi fått noko som gav meir samfunnsnytte, seier han og deler Bjørlo si frykt for at Sogn og Fjordane blir eit «forbikøyringsfylke».

– At statsministeren la vekt på at det var Kvivsvegen og pengane tek vi som eit signal om at Sogn og Fjordane ikkje er så viktig, seier Ryssdal.

Sandane - Byrkjelo

Ordføraren i Gloppen har tysdag morgon fått mange reaksjonar frå folk som er skuffa over trasévalet til Solberg. Sjølv om slaget no ser ut til å vere tapt, er Ryssdal oppteken av å betre vegsambandet gjennom kommunen.

I første omgang 20 minuttars avgongar på ferjesambandet Anda - Lote, og på sikt ferjefri fjordkryssing.

– Så er vi også spent på kva som skjer på strekkja Sandane - Byrkjelo. Det er ein gammal veg og ikkje god standard på ein del punkt. Eg håpar det blir teke med i vurderinga, seier han.

Mange bruer

– Det vil prøve å få bru over midtre, men er det sannsynleg?

– Ei bru inne i fjorden og ei midt på blir kanskje mykje, men for å få avløyst ferja så er Anda - Lote staden.

I Stryn gir Sunde honnør til regjeringa for å fatte eit vanskeleg vedtak. Statsministeren peikar på at alternativet er rimelegare. Då regjeringa landa på Hafast framfor Fefast på Sunnmøre valde dei derimot eit dyrare og lengre alternativ.

– Eg er trygg på at dei er fullstendig klar over prisdifferansen, men at vi også får ein heilt ny bu- og marknadsregion i indre, avsluttar Sunde.