Hopp til innhold

– Eit svik frå Arbeidarpartiet

Eit fleirtal i Arbeidarpartiet i Vågsøy har bestemt seg for å bryte avtalen dei inngjekk med Senterpartiet, Framstegspartiet, Raudt og Tverrpolitisk liste etter valet i fjor haust.

Hogne Bleie

SJOKKERT OVER AVTALEBROT: Hogne Bleie er gruppeleiar for Framstegspartiet i Vågsøy.

Foto: Asgeir Reksnes / NRK

– Dette er eit svik. Når Arbeidarpartiet nær sagt kjøper seg ein ordførarplass så hadde vi forventa at dei såg litt lenger fram i tid enn eitt år. Det har dei altså ikkje gjort, seier Hogne Bleie, som er gruppeleiar for Framstegspartiet i kommunestyret i Vågsøy

Måndag sa to tredelar av medlemmene i Arbeidarpartiet i Vågsøy at dei støtta partiet skulle bryte avtalen som vart inngått etter valet i fjor haust. Det stadfestar leiar Tove Lill Refvik Volle i Vågsøy Arbeidarparti tysdag kveld til Fjordenes Tidende, etter at partiet hadde orientert samarbeidspartia om avgjerda.

– Eg forstår at dei er skuffa. Det er dei med rette, og vi må berre ha respekt for det dei føler. Men vi følte det var rett å bryte no, seier Refvik Volle til NRK.

– Men når de bryt ein avtale etter berre eitt år, kan ein i framtida stole på Arbeidarpartiet i Vågsøy?

Tove Lill Refvik Volle

BRYT AVTALE: Tove Lill refvik Volle er leiar for Vågsøy Arbeidarparti.

Foto: Privat

– Eg meiner det. For nettopp det at vi er ansvarlege no, og også syner det er verdt tillit, sjølv om sjølvsagt ikkje er bra å bryte ein avtale, seier Refvik Volle.

Vanskeleg økonomi

Refvik Volle seier det er den vanskeleg økonomien i kommunen som gjer at dei har gått til det drastiske steget å bryte den politiske samarbeidsavtalen dei har hatt med Senterpartiet, Framstegspartiet, Raudt og Tverrpolitisk liste.

– Vi har jobba lenge med å få til eit budsjett, men vi følte at vi ikkje klarte det. Det vart lagt opp til urealistiske inntekter, noko som tilsvarte at Vågsøy skulle få 150 nye innbyggarar i starten på 2017, når vi veit vi har hatt ein nedgang på 60–70 personar dei siste åra, seier Refvik Volle.

Skulenedlegging

– I det budsjettet som vi enno ikkje er heilt ferdige med så er det lagt opp til at Holvik og Refvik skule vert lagt ned frå 2018, seier Refvik Volle.

Saman med Høgre og Venstre har Arbeidarpartiet no fleirtal i kommunestyret. Torsdag er det venta at også Høgre og Venstre kjem til å føreslå eller støtte nedlegging av Holvik skule og Bryggja skule.

– Det er ganske sjokkerande at Arbeidarpartiet etter berre eitt år går vekk frå den avtalen vi hadde. Det er jo og litt spesielt av vi ikkje veit kva som kjem. Høgre har ikkje klart å legge fram noko alternativt budsjett, men røysta for rådmannen sitt framlegg. Det same gjorde Arbeidarpartiet. No seier Arbeidarpartiet at dei skal kome med eit alternativ til det budsjettet som dei sjølve har vore med å forhandla fram, men vi veit enno ikkje kva det blir, seier Bleie.