Sjå bileta: Sjå bileta: Flaum og uver
For andre gong i historia har metereologisk institutt sendt ut ekstremvervarsel for nedbør i Sogn og Fjordane. Dette gjeld frå morgontimane i dag og utover dagen.
Ifølgje varselet er det venta ekstreme nedbørsmengder på Vestlandet.
50 millimeter i Førde
Meteorolog ved vêrvarslinga for Vestlandet, Kartsen Eitrem, seier at mange problem først vil melde seg når det har regna mange timar.
- Den mest intense nedbøren er venta frå morgontimane og til kvelden. I natt har det regna 62 millimeter i Førde, så allereie no har det regna mykje. Får vi 70-120 millimeter til, kan det vere snakk om rekordnedbør ein rekke stader, seier han.
Jord- og steinras
Det regnar mest i midtre strok. Uvèret vil gje seg tidlegast i Nordfjord. Det vil vere fare for flaum ein rekke stader, og det kan også komme jord- og steinras langs vegane.
Svært mykje overflatevatn
Og fleire vegar i fylket er no stengde på grunn av ras og store elver. Det seier Terje Bolstad ved Vegmeldingssentralen. Han oppmodar folk om å ta det svært roleg når dei køyrer. Mange stader er det svært mykje overflatevatn.
Mange stengde vegar i fylket:
Mange vegar i Sogn og Fjordane er no stengt på grunn av ras eller flaum.
Europaveg 16 ved Sogn og Fjordane grense og Gudvangen er stengt ved Hylland har det gått ras og vegen er stengt.
Riksveg 13 Gaularfjellet stengt grunna ras.
Riksveg 53 er stengt ved Kolsnestunnelen mellom Årdalstangen og Naddvik grunna ras.
Europaveg 39 er no stengt i Romarheimsdalen i Norhordland.
Elles er riksveg 55 mellom Vadheim og Balestrand stengt på tre ulike stader. Det er ved Ulvåna mellom Vadheim og Nordeide, ved Kongsnes i Lånefjorden og ved Hanevik mellom Balestrand og Nessane. Riksveg 55 er òg stengt mellom Høyanger og Noreide grunna flom.
Vidare er riksveg 57 mellom Osen bru og Dale stengt ved Nishamrane og riksveg 609 mellom Askvoll og Førde er stengt ved Hunsåna.
Og riksveg 15 ved Berstad mellom Stryn og Helle er stengt grunna ras.
Riksveg 53 er stengt grunna ras mellom Årdalstangen og Viksdalen.
Andre vegar som er stengde er Gudvangen-Bakka, Sørheim-Kroken ved Berteig, Osen-Hjemeland, Hpland-Hennebygda, Vikafjellet, Vassbygdi-Aurland, Tyin-Årdal, Sognefjellet, Salbu-Hellevik, Sande-Eldalsosen, Takledalne, Framfjorden-Nese, Feios-Fresvik, Aurland-Skjerdal og Vassenden-Sægrov.
På riksveg 13 Moskog - Holsen ved Høgset er det no manuell dirigering grunna flom.
I Naustdal er to kommunale vegar stengde. Vegen til byggjefelta på Ullaland og på Sela har runne vekk, seier rådgjevar på teknisk etat i Naustdal Henry Ranestad.
Byrjar opne vegar att
Europaveg 39 Bjørkedalen mellom Nordfjordeid og Volda og riksveg 604 mellom Gaupne og Høge bru som var stengt grunna ras og flom tidlegare i dag, er no opna igjen.