Hopp til innhold

Veg stengt av ras i Aurland

Fylkesveg 242 mellom Aurland og Skjerdal er stengt på grunn av eit ras. Vegen vil ikkje bli opna att før laurdag.

Ras på fylkesveg 242

STENGT: Vegen mellom Aurland og Skjerdal vil vere stengt fram til i morgon.

– Det er eit jordras som sperrar heile vegen, fortel vakthavande brannsjef i Aurland kommune, Arvid Gilje. Han var ein av dei første som kom fram til staden, etter at meldinga om raset kom klokka 21.18 på fredag.

– Det renn mykje vann og raset har farga fjorden nedanfor brun, seier Gilje.

Raset har gått Gjeldajuvet. Det har gått ras i same område tidlegare, då tok det med seg vegen. Difor har vegen her blitt utbetra og sikra.

Kjem seg ikkje heim

Bengt Erlend Skjerdal bur i Skjerdal. Han var i 50-årslag i Flåm, då han fekk høyre om raset.

– Vi er 6–7 personar her frå Skjerdal, som ikkje kjem oss heim i kveld. Alle har funne ein stad å bu i natt, så det er ikkje noko problem, seier han.

På grunn av mørkeret og at det framleis regnar i området vil ikkje vegen bli rydda før i morgon tidleg, melder Vegtrafikksentralen.