Hopp til innhold

Varslar mykje nedbør og skredfare natt til søndag

NVE har gått ut med varsel om fare for jordskred i eit større område i Sør-Norge natt til søndag. Dei ber folk vere varsame.

Skredvarsel frå NVE

– Det er venta ein del nedbør langs fjella. Den beveger seg inn frå Rogaland og Vest-Agder og nordover. Så er det venta at det skal kome ein del kraftig nedbør, særleg på austsida av fjella og nord i Oppland. Vi trur også at noko av dette vil treffe inst i Sognefjorden, Per Glad, vakthavande hydrolog i NVE.

Via nettsida varsom.no har ei rekkje kommunar i Sør-Trøndelag, Oppland, Hedmark og Sogn og Fjordane fått såkalla gult varsel om skredfare.

– Det er jo venta at dette vil skje i løpet av natta, så dei fleste er nok inne og søv. Det vil vere lurt å reinse dreneringsvegar, men i forhold til faren så er det viktigast å halde seg unna bratte skråningar og område med mykje lausmassar.

– Kor lenge vil skredfaren vare?

– Dette er ein kortvarig, intens situasjon. Så det er perioden frå midnatt og fram til søndag morgon at det er venta mykje nedbør på få timar, seier Glad.

NVE legg vekt på at prognosane for kvar regnet kjem sprikar veldig, og kva bane nedbøren vel er årsaka til at dei har varsla for eit stort område.

– Vi vil informere alle som kan bli råka, anten det blir aust, vest eller litt av begge deler, seier hydrologen.