Hopp til innhold

Varslar fleire kontrollar etter storfangst i 60-sone

Politiet varslar no at dei vil halde fleire kontrollar på småvegane kring om i fylket.

Fartskontroll, fylkesveg 512, Naustdal

FARTSSTREKKE: I denne 60-sona ved Joker-butikken på Kalland i Naustedalen gjorde politiet storfangst i løpet av dei tre timane kontrollen varte.

Foto: Politiet

Under ein laserkontroll i 60-sona ved Kalland i Naustedalen kverrsette politiet eitt førarkort og skreiv ut 14 forenkla førelegg.

– Vi var der i dag på grunn av tilbakemeldingar frå folk som seier det vert køyrt fort i 60-sona der, seier politioverbetjent Trond Hatlenes, som er trafikkansvarleg i politiet i Sogn og Fjordane.

Han seier dei så langt det let seg gjere prøver å vere til stades også på småvegane i utkantane.

– Vi veit at UP er veldig flinke til å halde kontroll på hovudvegane, så vi valde i dag å ha fokus på mindre vegar der det ikkje vert halde trafikkontrollar så veldig ofte. Og med det resultatet vi fekk i dag, så syner det seg at det er all grunn til å halde fram med kontrollar på dei mindre vegane, seier Hatlenes.

Mange køyrer fort

Tidlegare denne månaden gjennomførte politiet ein storkontroll i heile landet. Berre i løpet av eitt døger vart over 1200 nordmenn stogga for å ha køyrt for fort.

På Vestlandet var talet 195.

Terje Oksnes, UP

FART: Terje Oksnes er UP-sjef på Vestlandet

Foto: Sindre Øye Helgheim / NRK

– Ein kan jo spørje seg om kvifor folk køyrer så fort, særleg med tanke på at dette var ein kontroll som var varsla tydleg i forkant, seier UP-sjef på Vestlandet Terje Oksnes.

Sjølv om hans mannskap har hovudfokus på få å ned talet på alvorlege ulukker på hovudvegnettet, kan også UP lure i buskene på småvegane. Oksnes trur folk kanskje føler seg tryggare på vegar der dei ikkje så ofte ser kontrollar.

– Det kan hende, sjølv om eg ikkje har statistikk som kan stadfeste det, at folk føler dei kan køyre over fartsgrensa utan fare for å verte tatt på strekker der ein sjeldan ser politi, seier Oksnes.

Fleire kontrollar

I Sogn og Fjordane varslar Hatlenes at dei no kjem til å vere meir til stades på småvegane etter det nedslåande resultatet i Naustdal.

Trond Hatlenes

KONTROLLAR: Trond Hatlenes er trafikkansvarleg i politiet i Sogn og Fjordane.

Foto: Heidi Lise Bakke / NRK

– Med tanke på at det ikkje er så stor trafikk der, tok vi mange. Ganske mange av dei som køyrde forbi, køyrde for fort.

Hatlenes vil gjerne ha tips om andre strekningar der det og vert køyrt fort.

– Vi ønskjer å førebyggje ulukker, og vil gjerne ha tips frå folk som veit om strekningar der det vert køyrt for fort.

– Ta det roleg i påskeutfarten.

Med tanke på at påskeutfarten står for døra, og mange skal ut på vegane enten dei skal heim til familien eller på påskefjellet, har UP-sjefen ei klar oppmoding:

– Køyr forsiktig, ver merksame, for det skal så lite feilmanøvrar til i den tette trafikken før det skjer ei ulukke. Det har vi mange døme på, seier Oksnes.