Hopp til innhold

Sterkt gjensyn med steinraset som nesten knuste han

BREMANGER (NRK): – Eg ser eg hadde meir englevakt enn eg var klar over. Det hadde ikkje vore mykje att om eg kom her eitt sekund seinare, seier Johan Vadøy.

Johan Vadøy ved raset i Bremanger

ENORMT: Først fredag morgon fekk Johan Vadøy sjå skredet som var berre sekund frå å knuse han og bilen i Bremanger. – Dette er kanskje sånn som ein ser på actionfilmar, men at eg skulle oppleve noko sånt hadde eg aldri trudd. Ein tenker jo på kor gale det kunne gått, seier Vadøy.

Foto: Aleksander Åsnes / NRK

Vadøy hadde nok både englevakt og flaks då han like før klokka 18 torsdag var nær å bli treft av dei enorme steinmassane som hagla mot fylkesveg 616 i Bremanger.

  • SISTE: Statens vegvesen opplyser at tunnelen først vil opne klokka 12 på måndag.

– Eg sat i andre tankar om den fine dagen eg hadde hatt ute ved kysten. I det eg skulle inn i tunnelen, byrja det å bevege seg på høgre side. Duren var som under eit jordskjelv, seier han.

Kom som ei elv

Vadøy var komen kring 50 meter inn i den undersjøiske Skatestraumtunnelen, då han såg eit syn han aldri vil gløyme i spegelen.

Steinraset i Bremanger

STORE BLOKKER: Raset er høgt og breitt, og steinblokkene store. Steinane tok med seg rassikringa i fjellsida. Det er uvisst når vegen opnar att, men Statens vegvesen opplyser at det blir ny vurdering klokka 12.

Foto: Aleksander Åsnes / NRK

– Steinane kom nesten som ei elv ned i vegbana, men eg tenkte ikkje at raset var så stort og høgt som eg ser det no, fortel han når han fredag morgon får sjå raset i sin heilskap for første gang.

Skredet som var berre sekund frå å knuse han er kring 25 meter breitt og fem meter høgt. Steinane har teke med seg det som er av rassikring på staden.

Lange omvegar

Politiet melder om at det ikkje er noko som tyder på at nokon er tatt av raset, noko observasjonane til Vadøy støttar.

– Eg hadde ikkje bilar bak meg. Det er eg heilt sikker på. I det eg ser vegbana bli fylt av stein ser eg ingen bilar, seier han.

Audun-Åge Røys

OVERRASKA: Ordførar Audun Åge Røys (H) er overraska over storleiken på raset.

Foto: Åge Senneset, Fjordenes Tidende

Raset får store følgjer for lokalsamfunna på Ytre Bremanger. Her må ein køyre lange omvegar og ta ferjer om ein til dømes skal komme seg kommunesenteret Svelgen.

Omkøyringsvegane er ferje over Nordfjorden, anten Oldeide – Måløy eller Stårheim – Isane. Det er uvisst når vegen opnar att.

– Blir vegen stengd lenge, må vi vurdere å setje inn båt, seier ordførar Audun Åge Røys (H).

Både englevakt og flaks

ras

25 METER BREITT: Stein- og jordraset er 25 meter breitt og fem meter høgt.

Foto: VIGGO IGLAND

Byggjeleiar Even Hjelle hos Statens vegvesen seier det truleg er ei skjering som har rasa ut. Ein geolog vil i føremiddag vurdere situasjonen.

– Vi kjenner det ikkje som noko problempunkt, seier Hjelle.

– Vi ser stadig litt stein i vegen i området, men eg har aldri tenkt over at det kunne komme ned eit så stort ras, seier ordførar Røys.

For Vadøy tok det litt tid før det gjekk opp for han kva han hadde opplevd. Då kom også skjelven.

– Eg måtte gå ein tur på kvelden for å tenkje over det, og fann ut at det er kort avstand mellom då få halde fram med livet og å vere vekke, seier han.

Steinras Bremanger