NRK Meny
Normal

Vanskelege køyreforhold over fjella

Akkurat no snør det på Strynefjellet og på Dovrefjell har det kome fleire centimeter snø i natt. Skal du krysse ein fjellovergang i Midt-Norge bør du køyre med vinterdekk.

Odd Arvid Nordgård

BRØYTAR: Brøytebilsjåfør Odd Arvid Nordgård seier han ikkje har sett noken bilhavari på Strynefjellet, men at det stadvis ligg eit kvitt dekke.

Foto: Privat

– Ved Grotli er det null grader og akkurat no ligg det eit kvitt dekke med nysnø her, seier brøytebilsjåfør på Strynefjellet, Odd Nordgård.

Han seier at det snør og regnar om kvarandre og at folk som køyrer med sommardekk bør halde seg unna Strynefjellet akkurat no. Operatør på vegtrafikksentralen, Tale Eikeseth, ber folk køyre med vinterdekk over snødekte fjellovergangar.

– Trafikantar bør ta det med ro og køyre etter forholda, seier Eikeseth.

Strynefjellet rv 15 snø

SNØVÊR: Snøen lavar ned på Strynefjellet.

Foto: Statens vegvesen

Snø over 800 meter

Ein bør vere oppmerksam på at det kan vere litt kaldt i dag. Køyrer ein på fjellovergangar som er høgare oppe enn 800 meter kan nedbøren no kome som snø, seier statsmeteorolog Ingrid Bentsen.

Ho fortel at det vil fortsette å kome nedbør, litt til og frå, utover dagen.

– Snøfaren gjeld først og fremst på dei nordlege fjellovergangane, mellom Austlandet og Trøndelag og mellom Austlandet og Møre og Romsdal, seier Bentsen.

– Det kan hende at det blir betre utover dagen, men akkurat no bør ein ikkje køyre her med sommardekk, seier Nordgård.

Ho fortel at snøgrensa går høgare oppe lenger sør i landet.

Kom ikkje fram

NRK sin reporter, Geir Olav Slåen, kunne i morgontimane rapportere frå krysset mellom E6 og riksveg 29 litt nord for Hjerkinn fjellstove, der det var fullt vinterføre. Det var 10 centimeter nysnø og litt vind. Det var, i morgontimane i dag enkelte trafikantar som ikkje kom seg av flekken.

Snø på Dovrefjell

BOM FAST: Vogntogsjåførar måtte legge på kjetting for å kome seg over Dovrefjell onsdag morgon.

Foto: Geir Olav Slåen / NRK

Her byrjar det faktisk å bli litt småkaos med vogntog som stoggar i første bakken, sa Slåen klokka 06.45.

Lite trafikk over Strynefjell

Ifølgje brøytebilsjåfør Odd Nordgård skal trafikkavviklinga på Strynefjellet gå etter forholda bra.

– Eg har ikkje sett nokon havari enno. Det er heldigvis lite trafikk her no, seier Nordgård.

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.