Hopp til innhold

Vogntog stod bom fast over Vikafjellet

Eit vogntog sperra vegen over Vikafjellet, og seks vogntog stod fast på E39 i Gulen. Meteorologisk institutt melder om vanskelege køyreforhold i fjella i Sør-Noreg.

Vogntog sperrar vegen i Vik
Foto: Noralv Pedersen / NRK

– Folk må følgje Statens vegvesen sine trafikkmeldingar, seier statsmeteorolog Haldis Berge.

Dei har sendt ut farevarsel for fjella i Sør-Noreg.

– Vind og snø gjer at det er venta vanskelege køyreforhold i fjellet. Varselet gjeld fram til onsdag føremiddag, seier ho.

På Vikafjellet sperrar eit vogntog riksveg 13, på vegen opp frå Vik, fem kilometer frå sentrum. Bilbergar er på veg, melder Statens vegvesen, men bilen kjem heilt frå Voss så det vil ta tid før vegen er open att.

Tidlegare stod seks vogntog fast på E39 i Gulen. Politiet melder at desse no er fjerna frå vegbanen.

– Me fekk melding frå politiet om fleire vogntog som stod fast, mellom Kringla og Instefjord i Gulen. Det er meldt om vanskelege køyreforhold på staden, og brøytebil er på veg, sa Marianne Hove, trafikkoperatør ved Statens vegvesen.

Vêromslag

Det er varmare vêr som skapar dei vanskelege forholda.

– Vi har eit vêromslag frå kulde til høgare temperaturar. På Vestlandet vil nedbøren komme som regn, seier Berge.

Ho tilrår alle bilistar om å køyre etter forholda og bruke riktige dekk.

Laster Twitter-innhold