Nergård Pelagic vann rettsaka mot Pelagia i Fjordane tingrett om å få lov til å drive med sildoljeproduksjon ved tidlegare Ulvesund formelfabrikk.
Pelagia har hevda at det fins ein klausul for tomta. Våren 2009 vart det laga salsavtale mellom Måløy Sildoljefabrikk, seinare ein del av Pelagia, og Industriutvikling AS som seinare vart innfusjonert i Nergård.
Klausulen skal ha gått ut på at det ikkje skulle startast konkurrerande verksemd, som produksjon av fiskemjøl og fiskeolje.
– Veldig glade
Rettstriden har gått på om det verkeleg eksisterer ein slik klausul. No har Nergård Pelagic fått fullt medhald, det betyr at industrietableringa til 200 millionar kroner vert ein realitet meiner Nergård.
– Vi er veldig glad for at vi no kan kome i gang og kjøpe fisk og produsere melolje i Måløy, det er fantastisk viktig for Nergård og vi gler oss stort, seier Tommy Torvanger som er direktør i Nergård.
Planen er å køyre i gang testproduksjon i desember, og ha oppstart for fullt over nyttår. Det vil bli jobbar frå 12 til 15 peronar.
- Vil anke
Direktør i Pelagia AS Egil Magne Haugstad kan alt no varsle at dommen kjem til å bli anka.
– Dette er fyrst og fremst ei sak om kva avtale som er gyldig. I retten har vi lagt fram styredokument, epostar og anna som vi meiner viser at vi har rett. Når dommaren ikkje meiner det er tilstrekkeleg bevist, har dommaren heller ikkje spurt seg sjølv kva anna avtale som skulle vere gjeldande? Der finst ikkje spor av noko anna avtale.
Retten har på si side vektlagt at avtalen ikkje vart tinglyst av selgar, trass i at kjøpar sin advokat ved fleire høve spurte om dette. Avtalen som Pelagia viser til vart heller aldri signert. Kjøpsavtalen vart forhandla mellom avdøde Ole Rasmus Møgster på seljarsida og Arne Stang på kjøparsida, Stang er no styreleiar i Nergård
- Ikkje bra for Måløy
Pelagia driv i dag stort i Måløy, med moderne sildemottak, digert fryselager og Måløy sildoljefabrikk. Haugstad åtvarar no mot å tru at Nergård sin nye fabrikk einsidig vil styrke Måløy som fiskeristad.
– Det blir ikkje meir fisk i havet av dette her. Det blir berre meir kamp om avgrensa ressursar. Konsekvensen kan bli at dei to verksemdene blir mindre konkurransedyktige, at det er andre som vinn fram andre stadar enn to skadeskotne verksemder i Måløy. Dette kan på lang sikt vere uheldig for Måløy sin fiskeriaktivitet. Vi i Pelagia vil kjempe for at det ikkje blir ein konsekvens for oss, men det er ikkje gitt at det er Måløy som er vinnaren, seier Haugstad.
Pelagia meiner det kan få økonomiske følgjer for Nergård om dei no startar opp ein fabrikk, og seinare taper ei anke.
– Konkurransen er der allerede
Men Nergård-direktør Tommy Torvanger fryktar ikkje ei anke, og meiner Pelagia nærmast trugar Nergård og heile Måløy-samfunnet.
- Truslar frå den kanten er noko som vi og andre etter kvart har byrja å bli vande med. Vi forheld oss til denne dommen, eg trur ikkje eg skal seie noko meir enn det.