«Gaahl» er vokalist i Black metal bandet Gorgoroth. Han er no dømd til halvtanna år i fengsel for mishandling og grove valdshandlingar mot ein sambygding. Han må og betale ei oppreisningserstatning på 75.000 kroner til mannen. 28-åringen frå Fjaler seier han vil anke saka.
Klar dom
Black metal-vokalisten fekk 18 månader fengsel. (Foto: R. Indrebø, NRK)
Men retten var klar i sin dom: Dei finn det prova at «Gaahl» er skuldig i å ha utøvd vald over tid, vald som i følgje retten har karakter av mishandling. Sunnfjord tingrett festar med dette lit til den fornærma si forklaring om valdssaka som skjedde på ein fest heime hjå tiltalte natt til 23. februar i fjor.
Retten har festa lit til fornærma si forklaring, mellom anna om at han skal ha fått utdelt eit beger han skulle blø i. Men retten trur ikkje at tiltalte hadde tenkt å drikke blodet, heller at han har sagt dette for å skape frykt.
Halvtanna år fengsel
Retten dømmer no altså black metal-vokalisten til fengsel i eitt og eit halvt år. Ved straffeutmålinga la retten vekt på at tiltalte også tidlegare er dømd for rå vald, og skriv «to personar har nå fått lange periodar i liva sine øydelagt av tiltalte sin råskap». Den sterke reaksjonen er grunna i individualprevantive og allmennpreventive omsyn.