For Utdanningsdirektoratet har sendt ut eit rundskriv som presiserer retten til undervisning på eiga målform.
Frå nyttår vart elevar frå nynorsk- og bokmålsklassane ved Raudeberg og Skavøypoll skular slegne saman. Foreldra protesterte, men Fylkesmannen støtta kommunen sitt vedtak, som vart gjort for å spare pengar. Men kommunar, fylkesmenn og rettsvesenet har tolka opplæringslova ulikt, dermed har no Utdanningsdirektoratet gjort ting klarare. I det nye rundskrivet står der at "I skriftlige fag og fag med stor grad av skriftlighet har elevene rett til å være i egen målgruppe."
No vil kommunen sjå på saka endå ein gong, fortel ordførar i Vågsøy, Roger B. Silden.
Karina Holstad Myhre er foreldrekontakt ved Raudeberg skule, og ho er svært glad for at Utdanningsdirektoratet har gått inn i saka.