Uviss framtid for ordning som skal hindre dødsfall ved populært turistmål

LUSTER (NRK): Vakter gjer at langt færre turistar har kryssa sperringane ved Nigardsbreen etter dødsulukka i august. No er framtida for ordninga usikker.

Aina Elise Stokkenes ved fareskilt ved Nigardsbreen

SKILT OG VAKTORDNING: Aina Elise Stokkenes, naturforvaltar i Luster kommune, ved Nigardsbreen for å setta opp fareskilta før årets sesong.

Foto: Sondre Dalaker / NRK

– Me ser at færre folk har kryssa sperringane no, enn før me sette inn vaktordninga, seier Aina Elise Stokkenes, naturforvaltar i Luster kommune.

Den 5. august mista ein person livet , då han fall i breelva. Breen kalva i elva, og flodbølgja som kom, tok med seg tre personar nedover elva. Dei to andre klarte å berga livet. I 2014 omkom eit tysk ektepar, då dei fekk ei stor isblokk over seg.

f.v. Liv byrkjeland (SNO), Aina Elise Stokkenes, Anne Rudsengen (SNO) og Steinar Bruheim

– NOKRE KRYSSAR LIKEVEL: Aina Elise Stokkenes seier dei har fått meldingar om at nokre turistar kryssar sperringane, sjølv om dei er klare over at det er farleg.

Etter dødsulukka i år vart det bestemt å starta ei vaktordning ved breen. Både for å gi informasjon til turistane og passe på at ingen gjekk forbi sperringane.

Enkelte dagar var over 250 personar i kontakt med vakta. Anten at dei spurte om informasjon på eige initiativ, eller at vakta måtte stoppa dei for å kryssa sperringane.

– Dei fleste turistane har forstått at det er farleg, men ikkje kor stor faren faktisk er, seier Stokkenes.

– Diverre har me fått tilbakemeldingar om folk som likevel kryssar sperringane, fordi dei ser faren som verdt det. Som ein sa til oss, «det er farleg å køyra bil frå Tyskland også. No er me komne så langt at me tek den risikoen».

Usikker framtid

Men om det blir ei vaktordning neste år, er usikkert.

– Me har ikkje landa på ei avgjerd heilt endå. Men det har kome tydelege tilbakemeldingar på at det er ønskjeleg å ha, seier Stokkenes.

Det var Luster kommune som finansierte ordninga denne sommaren, og reiselivsaktørane i området har signalisert at dei er positive til å bidra. Dei ser også for seg meir permanente løysingar for heile området.

– Me håpar å få opp informasjonsskilt heilt frå Breheimsenteret og opp til breen før neste år. Men me må også leggja ein plan for mange år framover. Me har blant anna lurt på om me skal koma oss inn under Nasjonal turiststi-prosjektet. Det vil gi oss tiltaksmidlar og god hjelp, seier Stokkenes.

Fleire sperringar

VEDLIKEHALD: Fleire gonger i veka var folk frå politiet, reiselivet, Statens naturoppsyn eller kommunen oppe for å passa på at skilt og sperringar stod som dei skulle. Her er Steinar Bruheim i Jostedalen Breførarlag i gang med å justera sperringane saman med politiet.

Foto: Sondre Dalaker / NRK

Nye, større og fleire skilt

Etter ulukka i 2014 vart det laga nye og betre skilt som skulle varsla om farane ved brefronten. No kjem det truleg nye.

– Me har fått tilbakemeldingar om at enkelte ønskjer meir informasjon når dei set seg ned ved breen, så det kjem truleg eit skilt med meir informasjon. Me har også fått tilbakemeldingar om at skilta kan vera litt små og vanskelege å forstå. Så det må på plass større og enklare skilt, seier Stokkenes.

– Har det vore godt nok skilta i år?

– Ja, eg meiner det. Me prøver alltid å gjera det tryggast mogleg.

Fareskilt ved Nigardsbreen

BLIR TRULEG BYTTA UT: Skilta som står ved Nigardsbreen i dag er lik fareskilta ved breane på New Zealand.

Foto: Sondre Dalaker / NRK