Hopp til innhold

Trur vakthald ved Nigardsbreen vil hindre fleire ulukker

Vakthald ved Nigardsbreen gjer at folk ikkje kryssar sperringane, det erfarer Statens naturoppsyn. – Eg er overbevist om at dette vil hindre fleire ulukker, seier Anne Rudsengen.

Vakthald ved Nigardsbreen

MANGE SPØRSMÅL: Turistane som besøker Nigardsbreen har mange spørsmål til dei som står vakt.

Foto: Statens naturoppsyn

– Når eg viser meg her med refleksvest, så held folk seg på riktig side av sperringane, seier Anne Rudsengen i Statens naturoppsyn.

Ho var den første som stod vakt ved Nigardsbreen i dag, etter at det tysdag vart bestemt å sette inn vakter ved breen.

Søndag omkom ein austerriksk turist ved Nigardsbreen etter at breen kalva og tre personar hamna i elva. Det er tidlegare gjort tiltak med betre skilting og sperringar ved breen, men likevel har mange turistar trassa åtvaringane. Difor bestemte Luster kommune og Statens naturoppsyn å sette inn vakter som eit strakstiltak etter ulukka.

Fareskilt ved Nigardsbreen

IKKJE NOK: Fareskilt og sperreband til trass, turistane har i lang tid trossa åtvaringane for å komme nærmare Nigardsbreen.

Foto: Sondre Dalaker / NRK

Viser respekt for vaktene

Sjølv om det no vil vere vakthald ved breen, kan turistane velje å krysse sperringane. Det er ikkje lagt ned ferdselsforbod i området. Rudsengen seier turistane viser meir respekt for farane ved breen, når dei får meir informasjon.

Vakthald ved Nigardsbreen

VAKTHALD: Anne Rudsengen frå Statens naturoppsyn var den første på vakt ved Nigardsbreen i dag.

Foto: Statens naturoppsyn

– Eg har snakka med veldig mange i dag. Dei har alle moglege spørsmål og set pris på informasjonen dei får. Når vi seier at det er farleg å gå nærmare breen og dei ser sperringane, så går dei ikkje vidare.

– Vil vakthald hindre at det skjer fleire ulukker?

– Det er eg overbevist om. Folk kryssar ikkje sperringane når eg er her. Dei forstår farane, når dei får det forklart, seier Rudsengen.

Eit kostnadsspørsmål

– Dette er ei forventa effekt og det skulle berre mangle at turistane lytta til vakta, seier Ivar Kvalen, ordførar i Luster kommune. No vil kommunen sørgje for vaktar ved breen ut sommarsesongen.

I 2014 omkom to personar ved Nigardsbreen, då breen kalva over dei. Etter denne ulukka valde kommunen å setje opp fleire informasjonsskilt.

– Det er eit evig dilemma, kor mykje ein skal sikre slike område. På grunn av ulukka så set vi opp vaktar no.

– Burde dette vore gjort før?

– Eg meiner at måten vi har informert dei besøkande på er tilstrekkeleg. Men vi skal etter kvart ta stilling til om det blir vaktar der neste sommar. Dette er eit kostnadsspørsmål. Skal ein ha bemanning sju dagar i veka heile turistsesongen, er det snakk om mykje pengar, seier Kvalen.

Skal samle viktig informasjon

Statens naturoppsyn vil bruke tida framover til å snakke med turistane som besøker Nigardsbreen og få informasjon som dei kan nytte vidare i tryggleiksarbeidet.

– I dag har vi snakka med 40–50 turistar. Vi har spurt dei om kva dei veit om isbrear og farane knytt til dei, og kva dei meiner om informasjonen som finst her, seier Anne Rudsengen.