Hopp til innhold

Dødsulukka ved Nigardsbreen: – Ti personar trassa sperringane

NIGARDSBREEN (NRK): Ifølgje leiaren i Jostedalen breførarlag var det flaks at det ikkje gjekk fleire liv då ein 38-åring frå Austerrike omkom ved Nigardsbreen. Ein av breførarane vart augevitne til ulukka.

Nigardsbreen isblokk

RAS: Det skal vere denne isblokka i brefronten som rasa ut i elva søndag. Personane på biletet står på rett side av sperringane, og var ikkje involverte i ulukka.

Foto: Morten Hagen

Ein 38 år gamal austerriksk turist omkom i går då han hamna i Nigardsbrevatnet etter at breen kalva. Tshering Pande Bhote, som er guide i Jostedalen breførarlag, vart augevitne til hendinga.

– Det var kanskje ti personar som trassa sperringane. Så rasa plutseleg ei isblokk ut frå brefronten. Det er skilta godt at ein skal halda seg bak sperringane, men når folk er på ferie trassar dei det og tenker ikkje på risikoen, seier han.

Tshering Pande Bhote

VITNE: Tshering Pande Bhote var på veg ned frå breen då ulukka skjedde.

Foto: Sondre Dalaker / NRK

Ifølgje leiar for Jostedalen breførarlag Steinar Bruheim har brefronten vore svært aktiv denne sommaren, og det har fleire gongar gått ras.

Han seier at det er vanskeleg å seie kor tung blokka som rasa ut i går er, men at det er snakk om fleire tonn.

Breførarane ser også at det ofte er folk som tek seg forbi sperringane og fram til brefronten.

– Vi har sett tidlegare at det berre har vore flaks at folk ikkje har vorte tekne når breen har kalva, seier han.

For tidlegare i sommar har fleire turistar trassa sperringane for å få bilde heilt ved brekanten.

Her er turistane i livsfare

PROBLEM: Også tidlegare i sommar har fleire turistar trassa sperringane på breen for å ta bilde. Dette bildet er frå juli og ingen av desse var skadd.

Foto: Anne Rudsengen / SNO

– Lite vi kan gjere

Isblokker som rasar frå brefronten kan føre til at elva ved breen fløymer over. Medrekna den omkomne vart tre personar tekne av elva i går. Ifølgje Bruheim har desse to vore heldige.

Steinar Bruheim - dagleg leiar jostedalen breførarlag

FLAKS: Steinar Bruheim seier at det fleire gongar har vore flaks at ingen har vorte tekne når breen har kalva.

Foto: Vidar Gudvangen / NRK

– På grunn av mykje smelting er det høg vassføring i elva, og straumen er sterk. Det å kome seg tilbake til land når ein først hamnar i ei så vassførande elv er ikkje så enkelt.

Turane til breførarlaget går opp på den andre sida av elva ved breen. Bruheim fortel at dei prøvar å gjere det dei kan når dei ser at noko er på veg forbi sperringane.

– Når vi prøvar å vinke til dei vinkar dei berre tilbake, og held fram med å gå forbi sperringane. Det er lite vi kan gjere frå vår side, seier han.

– Informasjonen er god nok

Luster-ordførar Ivar Kvalen fortel at det er tydelege skilt og sperrelenker langs brefronten. Det skal difor vere tydeleg opplyst at det er farleg å opphalde seg bak sperringane.

Ordførar i Luster Ivar Kvalen.

VIL VURDERE TILTAK: Ivar Kvalen seier dei vil vurdere om ei kan gjere ytterlegare sikringstiltak ved breen.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide

– Eg meiner i alle fall at informasjonen til dei som oppheld seg i området er god nok. Så er spørsmålet korleis ein skal hindre at folk kryssar sperringane. Då må ein i så fall ha vakter i området, men det er ikkje ulovleg å opphalde seg utanfor sperringane heller.

Ifølgje Kvalen har kommunen, saman med politiet, Statens naturoppsyn og Jostedalen breførarlag, evalueringar av sikringstiltaka ved breen etter kvar sesong. Dei to siste åra har desse vorte betydeleg oppgraderte.

– Ein får vurdere om ein skal gjere ytterlegare tiltak, men Nigardsbreen er eit område med mange besøkande, så det er kanskje ikkje så mykje ein kan gjere med at nokre få vel å krysse sperringane, seier han.