Hopp til innhold

Skulle på hyttetur, men tok med feil nøkkel

To kvinner i slutten av 30-åra måtte bli henta av Røde Kors, etter ein skitur ved Siplo skisenter i Høyanger.

Siplo skisenter

– Dei skulle gå til ei hytte på fjellet, men hadde tatt med seg feil nøkkel og måtte snu. Då vart det for langt tilbake og kreftene tok slutt, så Røde Kors måtte hente dei på snøscooter, seier operasjonsleiar ved operasjonssentralen i Florø, Trond Hatlenes.

Dei skal ha lagt ut på skituren ved 15.00-tida måndag ettermiddag og ringde sjølv etter hjelp.

– Dei skal vera slitne, men elles ser det greitt ut. Dei var godt kledd og hadde gode ski, seier Hatlenes.

Laster Twitter-innhold
Siplo skisenter i Høyanger

SKISENTER: Siplo skisenter i Høyanger.