Hopp til innhold

No er Frp-politikaren i ferd med å miste tolmodet med si eiga regjering

E39-avgjerda i Nordfjord let framleis vente på seg. No er til og med Framstegspartiet i Sogn og Fjordane utolmodige.

Frank Willy Djuvik og Ketil Solvik-Olsen på Frp sitt fylkesårsmøte i Sogn og Fjordane

UTOLMODIG: Frank Willy Djuvik (til høgre) er byrja bli utolmodig på Ketil Solvik-Olsen og sitt eige parti i Samferdsledepartementet.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

Spørsmålet om kvar E39 skal gå gjennom Nordfjord har ført til oppheta debatt i fjordfylket lenge. Det har regjeringa fått føle på, med stadige brev, telefonar og anna kontakt med både politikarar og vanlege folk.

Og dei har lova at dei skal få på plass ei avgjerd snart. Lenge har det blitt sagt at den skal kome i løpet av våren, men berre dagar før kalenderen bikkar til juni ventar ein framleis på svaret.

Fylkesleiar Frank Willy Djuvik i Sogn og Fjordane Frp er i ferd med å miste tolmodet med si eiga regjering. Han meiner avgjerda må kome snart om dei blåblå skal halde løftet om å bestemme seg i løpet av våren.

– Dette er ei sak som både Framstegspartiet og Høgre før valet lovde skulle få ei rask avklaring. Eg har masa på departementet i eit halvt år, og eg må seie eg er litt skuffa over at dei ikkje får denne avgjerda på plass, sukkar Djuvik.

Vil ikkje svare

Soga om kor E39 skal gå gjennom Nordfjord og til Sunnmøre ser ut til å dryge. Skal den gå som i dag via Gloppen og Eid i midtre, med bru der det i dag går ferje mellom Anda og Lote, og vidare gjennom Stigedalen? Eller skal den gå som tunnel gjennom Utvikfjellet, og krysse Nordfjorden med bru mellom Frøholm og Svarstad i Stryn?

Det er Samferdsledepartementet som skal bestemme, og dei seier framleis til NRK.no at det kjem ei avgjerd i løpet av våren.

Men reknar ein juni som sommar er dei i ferd med å få dårleg tid. Departementet og statsråd Ketil Solvik-Olsen frå Frp vil uansett ikkje svare på kvifor det dreg ut.

Fryktar det berre blir meir strid

Fylkesleiar i Sogn og Fjordane Frp, Frank Willy Djuvik, støttar E39 gjennom indre Nordfjord. Han avviser at han er uroa for at det heller blir midtre trase.

– Det som gjer meg uroa er at dess lenger denne saka dreg ut, dess meir strid blir det. Difor meiner eg det er svært viktig at det kjem ei avgjerd på plass som vi kan jobbe vidare med. Uavhengig av kva avgjerda er.

– Så vil det jo sjølvsagt vere eit svik mot veljarane våre om vi skulle tape ei av dei største valkampsakene våre i vår eiga regjering, vedgår han.

Får ikkje draghjelp frå naboane i nord

Frontane har etter kvart blir stadig steilare mellom Stryn og Hornindal i aust, og Gloppen, Eid og Volda lenger vest.

I tillegg har Høgre og Frp i Ørsta kasta seg på i kampen for midtre over Lote-Anda, og under Stigedalen den seinare tida.

Men på same tid som sterke krefter her i fylket framleis jobbar for å påverke politikarane, er det lite draghjelp å hente i Møre og Romsdal. Både Frp og Høgre forheld seg i ro.

Fylkesleiar Frank Sve i Møre og Romsdal Frp har sagt dei støttar indre, men har tidlegare dempa prestisjen. Han seier framleis til NRK at begge alternativa er til å leve med.

Fylkesleiar i Møre og Romsdal Høgre, Geir Ove Vegsund, seier til NRK at det er delte meiningar i fylkeslaget i nabofylket.

– Møre og Romsdal Høgre har ikkje noko offisiell meining om vegtrasevalet i Sogn og Fjordane. Vi trykkjer ikkje på i denne saka, og held oss til det valet som statsråden måtte ta, seier han.