Ministeren skal framleis ikkje ha bestemt seg - no er E39-avgjerda venta innan 17. mai

– Avgjerda om kvar E39 skal gå gjennom Nordfjord er framleis ikkje teken.

Ketil Solvik-Olsen

HAR IKKJE BESTEMT SEG: Samferdsleminister Ketil Solvik-Olsen og regjeringa skal framleis ikkje ha bestemt seg for kvar E39 i framtida skal gå gjennom Nordfjord.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

Det seier fylkesleiar i Sogn og Fjordane Frp, Frank Willy Djuvik, som i helga har diskutert saka med samferdsleminister Ketil Solvik-Olsen.

For halvanna veke sidan melde avisa Sunnmørsposten at avgjerda om vegen skal gå om Stryn eller Eid allereie er fatta.

Etter fleire samtalar med statsråden under Frp sitt landsmøte, seier Djuvik at ingenting er avgjort enno.

– Eg spurte samferdsleministeren direkte om avgjerda er teken, og det sa han den ikkje var. Det er dermed feil som Sunnmørsposten skriv at avgjerda er fatta. Saka har ikkje vore handsama i regjeringa enno, seier Frp-fylkesleiaren til NRK.no.

Venta før 17. mai

Debatten om kvar E39 i framtida skal gå gjennom Nordfjord har gått heit i både Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal lenge. Her i fylket står det mellom midtre og indre trase, anten via Eid eller om Stryn.

Det er knytt stor spenning til kva som blir utfallet i saka, og frå alle kantar blir det no forventa at ei avgjerd er like om hjørnet.

– Ministeren seier avgjerda ikkje er teken enno, så vi må berre vente. Slik eg har forstått det er saka send over til handsaming i regjeringa. Saka er ferdig greidd ut, og det er berre for regjeringa å handsame den og vedta ei avgjerd, seier Djuvik.

– Kor tid kan ein vente seg ei avgjerd?

– Det blir iallfall antyda, utan at eg har fått det stadfesta av verken samferdsleministeren eller nokon av statssekretærane, at avgjerda kjem før 17. mai, seier Djuvik.