Hopp til innhold

Legg mindre prestisje i E39-saka - Frp-topp set sin lit til partikollegaer

Møre og Romsdal Frp legg no mindre prestisje i saka om kor E39 i framtida skal gå gjennom Nordfjord.

Frank Sve(FrP)

DEMPAR PRESTISJEN: Nyvalt fylkesleiar i Møre og Romsdal Frp, Frank Sve, stolar på at statsråden tek den rette avgjerda om kvar E39 i framtida skal gå gjennom Nordfjord.

Foto: Trond Vestre / NRK

Fylkeslaget til Frp i fylket nord om Sogn og Fjordane vil ha ei ytre løysing for E39 på Sunnmøre.

I Nordfjord har dei derimot teke til orde for indre trasé, som betyr tunnel gjennom Utvikfjellet og vidare bru over fjorden mellom Frøholm og Svarstad i Stryn.

Saka har ført til mange og til dels oppheta diskusjonar, men nyvald fylkesleiar i Møre og Romsdal Frp, Frank Sve, seier no at dei vil akseptere avgjerda til regjeringa. Uansett kva den måtte bli.

– Møre og Romsdal fylkesting, med alle parti, har sagt og peika på indre trasé i Nordfjord, men det er ikkje dermed sagt at dei andre traseane ikkje er verdt å vurdere, seier han.

– Det er viktig at vi har respekt for alle traseane og for alle partar som jobbar for sine vegar. Her er også ein del nye moment som er framme, seier Sve til NRK.no.

Kvar skal vegen gå?

Kampen om kvar E39 skal gå i Nordfjord i framtida har gått lenge i Sogn og Fjordane.

Skal den gå som i dag via Gloppen og Eid i midtre, med bru der det i dag går ferje mellom Anda og Lote? Eller skal den gå som tunnel gjennom Utvikfjellet, og krysse Nordfjorden med bru mellom Frøholm og Svarstad i Stryn?

For litt over ein månad sidan var samferdsleminister Ketil Solvik-Olsen frå Frp på besøk i Nordfjord og i Møre og Romsdal for å få innspel om kvar E39 bør gå mellom Skei i Sogn og Fjordane og Ålesund.

Hundrevis av personar hadde møtt opp langs reiseruta til ministeren for å vise si støtte til dei respektive trasevala, medan politikarar og vegbyråkratar i hopetal samla seg til E39-møte i Ørsta kvelden etterpå.

(Artikkelen held fram under)

Ketil Solvik-Olsen

MØTTE FOLK:_Samferdsleminister Ketil Solvik-Olsen vart møtt fleire stader møtt av eit folkehav då han var på reise i Nordfjord for å vurdere kvar E39 skal gå i framtida.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

Vil ha E39 via Stryn

For det er mykje som står på spel.

Ferjefri E39 vil kunne korte ned reisetida mellom Kristiansand og Trondheim med fleire timar, og spare både privatbilistar og næringsliv for millionar av kroner. Utbygginga vil også kunne bety mykje for regional utvikling.

I Møre og Romsdal vil fylkespolitikarane at E39 i framtida skal gå den indre traseen gjennom Nordfjord og via Hafast i ytre Sunnmøre, og dette fekk Frp-ministeren høyre under E39-møte i januar.

Noko avgjerd om traseen er enno ikkje kome, og Frp-politikarane i Samferdsledepartementet som skal bestemme har understreka at dei skal gjere ein grundig jobb før den kjem.

– Eit stort framsteg, uansett traseval

I Frp sitt fylkeslag i Møre og Romsdal dempar den nye fylkesleiaren no prestisjen i å vinne fram med ønsket om indre trasé. Frank Sve seier dei må stole på at statsråden tek den rette avgjerda.

– Vi har argumentert for det alternativet vi meiner er rett, så må statsråden få gjere seg opp ei meining sjølv. Det vil han gjere ut frå sine vurderingar, og det han veit om saka, seier Sve til NRK.no.

– Betyr dette at sjølv om det skulle vise seg at regjeringa landar på midtre trasé, så er det ei avgjerd de kan leve med?

– Eg trur nok dei aller fleste vil leve med ferjefri E39, uansett kor den måtte gå. Det vil uansett vere eit stort framsteg for regionen om ein klarer byggje E39 ferjefritt, seier Sve.

Han held fram at det er ein naturleg del av politikken at ikkje alle får viljen sin.

– Nokon vil bli skuffa, og andre veldig glade. Slik er det når det er mange alternativ. Etter eit langt liv i politikken har eg lært at det er noko ein faktisk må akseptere, seier Sve.