Hopp til innhold

Ventar snarleg E39-avklaring

Avgjerda om kvar E39 skal gå gjennom Nordfjord er venta ei av dei første vekene i mars.

E39 bru Nordfjorden

KAN BLI: Innan to-tre veker er det venta at Samferdsledepartementet har bestemt seg for om E39 skal gå gjennom midtre eller indre Nordfjord.

Ifølgje Sunnmørsposten skal avgjerda kome om to til tre veker. Etter det avisa har grunn til å tru, ventar leiinga i Samferdsledepartementet på nye kvalitetssikra tal for midtre alternativ.

Dermed går det mot ein slutt på vegstriden som siste tida har prega samferdsledebatten i Nordfjord. I midtre og indre delar av regionen har partane stått steilt mot kvarandre i saka som gjeld kyststamvegstrekka frå Skei i Jølster til Ålesund.

I dag går E39 med ferjekryssing mellom Anda og Lote, medan både Høgre og Frp har gått inn for ein indre trasé med fjordkryssing i Stryn.

Kjelder Sunnmørsposten har snakka med seier at det er ope kva alternativ regjeringa vil lande på.