Hopp til innhold

Utlendingane valfartar til norske campingplassar som aldri før

OLDEDALEN (NRK): Utanlandske campingovernattingar auka med 16 prosent i sommar. Særleg har tyskarar og nederlendarar valfarta til norske campingplassar.

Cecilie Sunde

HEILTIDSJOBB: For vertinne Cecilie Sunde vert campingsesongen stadig lengre. Ho trur Norge er attraktivt å reise til fordi det er trygt og har mange aktivitetar å tilby turistane.

Foto: Sillje Guddal / NRK

Cecilie Sunde står midt i vask og sjekk av hytte nr. 5 på Oldevatn Camping når NRK kjem innom. Vanlegvis stenger ho første oktober, men i år slutta ikkje turiststraumen som vanleg

– Det har vore ein heilt fantastisk sommar, over all forventning, seier vertinna.

Ho driv campingplass i fylket med nest størst vekst av alle. I Sogn og Fjordane auka utanlandske overnattingar med 12 prosent og norske campingovernattingar auka med 19 prosent. Berre Nordland gjer det betre.

Draghjelp frå tyske og nederlandske NAF

2017 vart året då norske turistar brukte campingplassane mindre, men næringa fekk likevel ein god sesong då særleg tyskarar og nederlendarar har brukt campingplassane flittig, med over 860.000 overnattingar til saman. Avdelingsleiar Jan-Henrik Larsen i NHO camping, forklarar det med målretta marknadsføring.

– I tillegg har søsterorganisasjonen til NAF i desse landa anbefalt Norge. Dei har fleire millionar medlemmar, så det betyr mykje når dei set fart og vil reise nordover, seier Larsen.

Årsaka til at enkelte regionar gjer det betre enn andre, skuldast at dei har det turistane kjem for å sjå, meiner Larsen.

– Vi har marknadsført mykje fjord og fjell, og det betyr at det også er det dei ønskjer å oppleve.

Kåre Antonsen og barnebarnet Erik

OFTE I OLDEN: Kåre Antonsen og kona har hatt bubil i to år, og reiser ofte til Olden. I sommar var også barnebarnet Erik med på ein av turane.

Foto: Privat

Fått auga opp for eige land

Ein av gjestene på Oldevatn Camping i sommar, har vore Kåre Antonsen og kona, frå Ålesund. Ein av rekordmange som har skaffa seg bubil siste åra.

– Vi fann ut at det var på tide å sjå meir av Norge, ikkje berre reise til Syden. No har vi hatt bubil i to år, fortel Antonsen.

I sommar køyrde dei Stryn, Olden, Sogndal, Lærdal og Flåm, før turen gjekk austover. Antonsen trur kanskje prisnivået gjer at fleire vel camping.

– Og så er campinglivet fritt og fint og det utruleg mykje fine folk som driv campingplassar i Norge, ein føler seg velkomne, seier Antonsen.

Overnattingar på camping i fylka

Utviklinga i camping-Norge

2016

2017

Endring

Østfold

349873

315830

-9.73%

Hedmark

255060

258061

1.18%

Oppland

586409

548758

-6.41%

Buskerud

340777

310040

-9.02%

Vestfold

599978

505268

-15.9%

Telemark

384765

391657

1.79%

Aust-Agder

386276

367042

-4.97%

Vest-Agder

220781

215330

-2.46%

Rogaland

183806

198318

7.9%

Hordaland

256326

247881

-3.29%

Sogn og Fj.

318383

366270

15.04%

Møre og R.

302804

337818

11.55%

Sør-Trøndelag

220477

220808

0.15%

Nord-Trøndelag

154177

156948

1.79%

Nordland

295890

363485

22.84%

Troms

119305

134846

13.03%

Finnmark

80719

110592

37.01%

Ekspander/minimer faktaboks

Tala syner totale tal for overnatting på campingplassar i Norge, utanom Oslo og Akershus, uavhengig av kvar gjestene kjem frå.

2018 er allereie fullbooka

Når Cecilie Sunde skal summere opp sesongen må ho til alle verdshjørne.

– Vi har veldig mange sunnmøringar med bubilar, helgeturistar, men vi har også svært mange frå Saudi- Arabia og Kina. Det er ifrå alle nasjonar.

Snart ventar ein etterlengta ferie også for dei som driv ein ferieplass. Batteria må laddast til 2018-sesongen.

– Vi har veldig lange ventelister på dei som ønskjer fast plass til vogner. Hyttene er allereie fylt opp for neste sesong. Vi har meir bestillingar inne no, enn kva vi hadde i februar i år. Det er veldig bra, seier Sunde.