Lege om røykskadde: «Kan framleis ikkje utelukke dødsfall»

Tilstanden er framleis alvorleg for fire personar etter brannen i Gudvangatunnelen i går. 19 personar er innlagd på sjukehus. Seksjonsoverlege Sverre Lehman ved Haukeland universitetssjukehus fortel at fleire av pasientane har hatt flaks.

Lehman

MEIR ENN 70 TIL SJUKEHUS: Seksjonsoverlege Sverre Lehman seier han framleis ikkje kan utelukke dødsfall etter brannen i Gudvangentunnelen.

Foto: Arne Veum

– For dei fleste av pasientane vi har her på Haukeland er tilstanden stabil. Det er mange av pasientane som har hatt flaks, fortel Lehman.

Meir enn 70 personar vart sendt til sjukehus i går etter brannen i Gudvangatunnelen. Mange av desse har tilbrakt natta på sjukehus i Lærdal, Førde, Voss og Haukeland.

Framleis alvorleg for fire personar

Den siste oversikta etter branndramaet viser at det no er 19 personar som er innlagd på sjukehus. Åtte personar på Voss, åtte personar på Haukeland og 3 personar i Lærdal.

I Førde vart 29 pasientar skriven ut i løpet av tysdag, alle med lettare skader.

Fire personar som ligg innlagd på Haukeland sjukehus er framleis alvorleg skadd, blant dei ein gut på 10 år.

Vil framleis ikkje utelukke dødsfall

Det var tysdag føremiddag 14 pasientar innlagt på lungeavdelinga på Haukeland, men nokre av dei er altså skrivne ut. Dei åtte som framleis er innlagd blir verande over natta for vidare behandling og observasjon.

– Kor alvorleg er røykskadane?

– Det er varierande kor alvorlege dei er. Røykskadar vil seie at ein får for lite surstoff inn i kroppen. Ved dei mest alvorlege tilfella, kan ein hovne kraftig opp i svelg og hals, og få akutte pusteproblem dei fyrste timane.

Lehman fortel at det er fleire av pasientane som opplevde dette.

– Det er fleire pasientar som har vore heilt i grenseland for den mest alvorlege graden av forgifting. For mange av dei, har veldig små marginar vore på pasienten si side, men vi det er framleis for tidleg å utelukke dødsfall, seier seksjonsoverlegen.

– Kan få langvarige skadar

Lehman fortel at dei fleste som opplev å få røykskadar vil få ein heilt normal funksjon i både lunge og hjarte etter nokre månadar eller år. For dei med alvorleg røykforgiftning kan ein få langvarige skadar i organsystema.

– Dei pasientane som har fått kraftigast forgifting vil få oppfølging etter at dei er utskrivne. Eg vil likevel sei at for dei som har opplevde dramaet i tunnelen, er nok det psykiske det aller verste opp i dette. Kanskje meir enn dei fysiske plagene, seier Lehman.

Atle Steinar Solheim vart overraska med nyheita om at han er ein av fem nominerte
Over 80 barn var samla på Jølstraholmen for å tjuvstarte adventstida med pynting av pepperkakehus.
Å levera lekser på nett er ikkje lett når internett-tilgangen er dårleg. 
Men det ER realiteten for mange skuleelevar i distrikta. 
Skilnadane er store, trass i at bruk av data får ein stadig større plass i skulen.