Hopp til innhold

Ute i finvêret? Del gjerne bileta dine med oss

Det er vår i lufta og sola strålar mange stader i dag. Korleis er det der du er?

Del gjerne bileta dine med oss på Instagram. Det gjer du ved å merke dei med #nrksf.

Statsmeteorolog Arnstein Tjøstheim ved vêrvarslinga på Vestlandet seier dagen i dag blir fin.

– Det er sol og det held seg fint utover ettermiddagen. Vi har rolege vindforhold, med frisk bris på kysten, seier han.

Temperaturen vil stige utover dagen og kjem opp i rundt 10 grader dei fleste stader i Sogn og Fjordane.

– Det blir også høg temperatur i fjellet, så det er generelt mild luft.

– Kor lenge held finvêret seg?

– Det blir fint i morgon også, men torsdag dreier vinden mot nordvest. Då blir det meir skyer og ikkje så fint ver som i dag og onsdag.

Sjå alle dei flotte bileta som er merka med #nrksf:

Laster innhold, vennligst vent..