Hopp til innhold

Usikre på handtering av kraftmillionar

Det blir opp til rike kraftkommunar å bestemme korleis dei vil handtere inntektene sine i dei nye storkommunane.

Vik i Sogn

RIKE PÅ KRAFT: Korleis verdiane til kraftkommunane, som her i Vik, skal fordelast ved eventuelle samanslåingar med andre, er enno heilt ute i det blå.

Foto: Tone Merete Lillesvangstu / NRK

Åleine får Aurland, Bremanger, Vik og Høyanger over 250 millionar kroner årleg i kraftinntekter. Korleis desse store verdiane skal fordelast i eventuelle nye storkommunar er høgst usikkert.

– Her er det svært mange uavklarte spørsmål. Det er heilt ute i det blå, seier Ap-ordførar i Vik Marta Finden Halset.

Når kommunen om få år har betalt ned gjelda etter Terra-saka, vil dei få om lag 45 millionar kroner årleg inn på konto frå vasskraftproduksjon i kommunen.

Ventar på svar

Regjeringa har sett i verk ei omfattande kommunereform, der målet er færre og større kommunar. I dei komande månadane skal kommunar ta stilling til om dei skal slå seg saman med andre, eller ikkje.

Marta Finden Halset

BER OM RÅD: Marta Finden Halset er ordførar i ein kommune som får verdfulle inntekter frå kraftproduksjon.

Foto: Noralv Pedersen / NRK

– Det er svært viktig å få avklart korleis vi skal handtere kraftinntektene før vi tek stilling til ei eventuell kommunesamanslåing, seier Vik-ordføraren.

Heller ikkje ordførar i kraftkommunen Bremanger, Karl Vidar Førde (Sp), har fått informasjon om korleis kommunen skal fordele eller bruke kraftinntekter i ein eventuell ny kommunestruktur.

Begge ordførarane etterlyser råd frå regjeringa som har sett i gong kommunereforma.

– Det litt tvilsamt at regjeringa ikkje kan svare på noko sånt, seier Førde.

Opp til kommunane

I Kommunal og moderniseringsdepartementet sender statssekretær Jardar Jensen (H) oppgåva tilbake til kommunane.

– Regjeringa kjem ikkje til å kome med forslag om korleis kommunane skal løyse at kommunane har ulike inntekter, slår Jensen fast.

Statssekretæren påpeikar at regjeringa tidlegare har føreslått at staten skal regulere denne typen ulikskapar, men at det då vart avvist av kommunane sjølv.

Statssekretær Jardar Jensen

VIL IKKJE BLANDE SEG: Statssekretær Jardar Jensen (H) meiner kommunane sjølve er best eigna til å avgjere korleis kraftinntektene skal handterast.

Foto: Sander Andersen / NRK

– Ordførarane må setje seg ned med dei kommunane det er aktuelt å slå seg saman med, og få til avtaler med dei. Det er fullt mogleg å lage overgangsordningar slik at ein kan ta vare på interessene sine, seier Jensen.

I Vik har ikkje ordføraren noko klar fasit på korleis dei verdfulle inntektene skal fordelast.

– Dessverre så har ikkje eg noko klart svar på det, men eg ser det som ein sjølvfølgje at kommunen som har betalt med sine naturressursar skal ha att noko, seier Halset.