Hopp til innhold

Uavgjort på Fosshaugane

Det vart poengdeling mellom Sogndal og Viking på Fosshaugane i kveld.

Cato Hansen (t.h.) Sogndal Fotball

JOBBA: Cato Hansen (t.h.) jobba hardt, men det vart lite ut av duellane med Viking-forsvaret.

Foto: Rune Fossum / NRK

Vikings Birkir Bjarason opna kampen med målsjanse etter berre eitt minutt spel, men ballen forsvann over målet.

Jaktar sin første siger

Kampen starta også med eit gult kort for Sogndals Henrik Furebotn fordi han gjekk i vegen for eit frispark.

Sogndal jaktar framleis på sin første siger, og var ganske nøre i det 74. speleminuttet mot Viking i dag. Rune Jarstein mista ballen rett i beina på Sogndals Ole Jørgen Halvorsen. Det var då tomt bur, men Jarstein kasta seg og fekk slått til corner. Dette var kampens største sjanse.

Sogndal-fansen skulle vere stille i ti minutt i protestaksjon mot fotballkampar utanfor helga, men klarte ikkje seg lenger enn i ni minutt og 30 sekund.

Store forventningar til Viking

Mange hadde store forventningar til Viking for sesongen etter storspel i oppkøyringa, men det gjekk ikkje vegen i dag heller. Dei har berre ein siger etter seks spelte kampar.

Viking-sjef Åge Hareide sa til NRK.no før måndagens kamp at han ikkje visste om han hadde tillit frå spelarane. Nok ein kamp utan siger, mot eliteseriens botnlag, lettar neppe presset på den tidlegare landslagssjefen.

Kampen var prega av få målsjansar.