Turen til trening førre fredag enda i grøfta for dei to Sogndalspelarane. Etter at motorsykkelen dei to sat på velta, enda begge på sjukehus.
- LES OGSÅ:
- LES OGSÅ:
Desse er klare for Viking
Men vel ei veke seinare er begge tilbake utan varige men, og er klare for å møte Viking på Fosshaugane.
Trenar Harald Aabrekk har plukka ut
Kenneth Udjus, Joe Bendik, Mats Goberg Solheim, Vegar Heggenes Gjermundstad, Isak Scheel, Gustav Valsvik, Per Egil Flo, Espen Næss Lund, Ahyee Aye Elvis, Ørjan Hopen, Henrik Luggenes Furebotn, Barry Kader, Ole Jørgen Halvorsen, Eirik Skaasheim, Eirik Bakke, Ulrik Flo, Espen Olsen, Cato Hansen.
- Viktig oppgjer for begge lag
NRK Sogn og Fjordane sin fotballekspert, Jon Navarsete seier kampen mot Stavanger-laget vert viktig for begge lag. Ikkje sidan 1994 har Sogndal vunne mot Viking og det vert eit spennande oppgjer i kveld.
- Det handlar mykje om det mentale, og eg håpar Sogndal er modige og tek tak i kampen frå start, seier Navarsete.
Han meiner Viking er eit lag Sogndal kan slå, og håpar sogningane sin første siger denne sesongen kjem i kveld.
- Det er viktig for laget å få ein siger no, seier Navarsete.
- LES OGSÅ:
- Sogndal vinn 2-1
For det har gått trådd med Sogndal så langt. Etter fem kampar har laget frå saftbygda berre éitt poeng og ligg heilt nedst på tabellen.
Viking har henta heim fire poeng og ligg to plassar før Sogndal.
- Sogndal har alt å vinne og må berre trø til, seier Navarsete.
Han oppmodar alle Sogndal-fans om å møte opp på Fosshaugane og tippar sjølv at laget til Harald Aabrekk hentar heim viktige poeng.
- Eg tippar Sogndal vinn 2-1.