Hopp til innhold

Uaktuelt at Bakke tek over no

Sogndal gjer ingen endringar i apparatet rundt laget og overlet framleis klubben sin skjebne til trenar Jonas Olsson. Trass 11 kampar utan siger er tilliten til svensken urokkeleg.

Eirik Bakke og Tor Arne Ness

IKKJE ENNO: Styreleiar Tor Arne Ness (t.h) vil at Eirik Bakke (t.v) skal overta, men ikkje før neste år.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

- Hadde me følt at me hadde eit alternativ som er betre enn det me har no så hadde me sikkert gått for det. Men me føler me er i same båt. Me har kome i denne situasjonen i lag og skal kome ut av den i lag. Me står saman om dette og det kan vere styrken vårt fram mot kampen mot Haugesund, seier øvste sjef i Sogndal Fotball, Tor Arne Ness.

- Så dykkar løysing er å halda fram med det de har gjort til no?

- Ja, du kan vel seie det slik.

Utan siger sidan juni

Styreleiaren var sjølv til stades i Sarpsborg på søndag og såg ein av Sogndal sine svakaste prestasjonar til no i sesongen. Eit trøystemål frå Mahatma Otoo pynta resultatet til eit 3-1-tap for Sogndal sin del.

Dette var den ellevte kampen utan siger, og dei same kampane har gitt laget tre poeng. Det har sendt dei frå ein komfortabel tabellposisjon før ferien, til direkte nedrykksplass og ein stadig aukande avstand til laga over seg.

Samtidig er det allereie bestemt at Eirik Bakke skal ta over trenaransvaret neste år. Bakke er allereie tilsett i klubben, og det reiser spørsmål om det ikkje er like greitt at Bakke tek over no.

Laster Twitter-innhold
Laster Twitter-innhold
Olsson før kampen

HAR TILLIT: Jonas Olsson har fått lovnader om at han bli sesongen ut - uansett.

Foto: Nesvold, Jon Olav / NTB scanpix

Siste lagnadskamp på laurdag

Med 21 poeng har Sogndal seks kampar på seg til å skaffe dei ytterlegare 14 poenga eit lag vanlegvis treng for å sleppe å spele kvalifiseringsspel, og med formutviklinga i det siste ser det dystert ut, vedgår Ness. Sjølv om maks pott på desse kampane er 18 poeng.

- Men slår me Haugesund om fem dagar klatrar me forbi dei på målskilnad. Då får me Hannu Patronen tilbake etter karantene og sannsynlegvis Logi Valgardsson og Bjørn Inge Utvik tilbake frå skade. Det styrkar forsvaret vårt betrakteleg. Om me klarer å bryte mønsteret vårt og kome på vinnarsporet at kan ting endre seg fort, seier Ness.

Nedrykk mest sannsynleg

Likevel tek oddsa for nedrykk til å bli så overveldande at klubben ikkje har anna val enn å bu seg på 1. divisjon, Nest-Sotra, Alta og Ranheim neste sesong. Det vanlege er at klubbar som ikkje veit kva divisjon dei spelar i året etterpå leverer to ulike budsjett for det etterfølgjande åra. Eit 1. divisjonsbudsjett og eit eliteseriebudsjett er no under utarbeiding i Sogndal.

- Me skal sjølvsagt handtera eit nedrykk om det blir konsekvensen, seier Ness, som har eit svært forsiktig anslag på klubben sitt inntektsfall om nedrykket skulle bli eit faktum.

Inntektsfall

- Me går ut frå at det er på to til tre millionar kroner. Men det er heilt avhengig av korleis ein presterer i 1. divisjon. Men det vil få konsekvensar for dette er mykje pengar for oss.

- Må folk gå frå jobbane sine?

- Det kan bli organisatoriske endringar uavhengig av kva divisjon me er i, men det løpet er ikkje klart, seier Ness – tydeleg uvillig til å snakka om noko dei framleis har sjansar til å unngå.

Vinn eller forsvinn

For Haugesund ligg to plassar over på trygg grunn, har tre poeng meir. Dersom Sogndal vinn mot dei på heime laurdag samtidig som Brann ikkje vinn sin kamp på bortebane mot sølvjagande Odd, er Sogndal kun bak Haugesund på målskilnad før ei rekke tøffe kampar mot sterkare motstand ventar. Ein siger vil dermed gje eit visst håp, medan eit tap vil gjere oppgåva nesten umogleg

- Det er fem dagar til den kampen. No er det berre den som tel. Det blir vår neste cupfinale. All energi blir brukt inn mot den kampen, seier Ness.