Hopp til innhold

Tyske Barbara vil bli sjølvforsynt med mat

​​GRØNENG I FLORA (NRK): Barbara Behme (52) ofra jobben og bylivet til fordel for å drive gard på ei øy i Sunnfjord. Der ønsker ho å produsere det meste av maten sjølv.

Barbara Behme driv økologisk småbruk på Grøneng.

SJØLVBERGA: Barbara Behme vil bli mest mogleg sjølvforsynt med mat.

Mange tenkte nok eg var gal, men fleire beundra kor modig eg var, seier Barbara Behme.

Barbara syner fram grisemat

HELDIGGRISAR: Desse potetane og grønsakene har ho henta frå ein butikk som eigentleg skulle kaste det. Det har kokt lenge, og blir no mat til dei to grisane hennar.

Foto: Marte Iren Trøen / NRK

For snart ti år sidan bestemte det eventyrlystne ekteparet Behme seg for å finne på noko nytt. Dei flytta frå Tyskland til Førde. Jan Behme fekk seg jobb på sjukehuset medan Barbara jobba i ein barnehage.

Men dette var ikkje eventyrleg nok for ekteparet, og dei siste tre åra har dei budd på den vesle øya Grøneng utanfor Florø, utan vegsamband og rutebåt.

– Ingen kan vite kva som skjer i morgon, men eg kan sjå for meg å vere gamal her, seier Behme.

Ville bli sjølvberga

Behme såg kor mykje mat som vart kasta og ønska seg eit eige stykke jord der ho kunne prøve å bli sjølvberga.

No driv familien økologisk småbruk på Grøneng. Dei har villsau, høner og gris, og dei dyrkar grønsaker. Det dei et av kjøt og fisk er sjølvprodusert eller jakta i nærleiken.

Ungane i barnehagen visste ikkje kor maten kom frå, og det blir kasta for mykje mat.

Barbara Behme
Drivhuset til Barbara

DRIVHUS: Her dyrkar Behme grønsaker som tomatar, agurk, squash og graskar.

Foto: Marte Iren Trøen / NRK

Barbara Behme unngår å ete mat som ikkje er økologisk. Ho er oppteken av å tenke berekraftig og miljøvennleg.

– Eg likar ikkje å handle i butikkane i Noreg, for kvar einaste vesle paprika er pakka inn i plast, seier Behme.

Måtte lære mykje nytt

Ho hadde ingen erfaring med gardsdrift frå før. For at draumen skulle bli ein realitet ofra ho barnehagejobben og tok agronomutdanning.

Garden dukka tilfeldig opp då dei nesten hadde gitt opp håpet. Dei såg plassen og vart stupforelska. Dei heiv seg på utfordringa, men det er ikkje berre enkelt å drive gard på ei øy. Dei har ikkje vegsamband eller rutebåtar som går ut til øya og Barbara kunne ingenting om båt. Det måtte ho lære seg der.

Kan ikkje bli heilt sjølvberga

Dei har eige kjøt, eigne egg og dyrkar grønsaker. Men dei er avhengige av mjølkeprodukt og mjøl, og ho trur ikkje dei vil kome til å kunne produsere det sjølv ute på øya. Men ho jobbar likevel med å forsyne seg sjølv mest mogleg. Ho har lyst til å kunne foredle kjøtet sjølv og vil lage til potetåker og røykerom på øya etter kvart.

– Så langt som mogleg sjølvberga, det er det som er målet, seier ho.

Lever i eit paradis

Garden på Grøneng

GARDEN: Huset til familien Behme er omringa av ein velstelt hage og grønsaksåker.

Foto: Marte Iren Trøen / NRK

Trass i at dei er dei einaste fastbuande på øya, og at det er utfordringar med logistikken har ikkje Barbara Behme angra eit sekund på valet ho tok.

– Vi har kome til ein plass vi veit det er godt å vere. Livet mitt er meiningsfylt.