Ber bøndene spenne beltet: – Kan spare to liv i året

OLDEN (NRK): Sidan 2008 har det vore 25 dødsulukker med traktor der mangel på belte var relevant for utfallet. Jogeir Agjeld blei berga av beltet då traktoren velta.

Jogeir Agjeld med bilbelte på i traktoren.

BRUKAR BELTE: Bonde Jogeir Agjeld er ikkje det minste i tvil om at beltebruk i traktor vil vere med på å berge liv.

Foto: Aleksander Åsnes / NRK

No ber han kollegaene i landbruket om å spenne seg fast.

– Dette var siste runden, så eg skulle berre heilt ut i kanten. Så kjende eg at traktoren byrja å velte. Eg prøver å unngå at den skal velte, men konstaterer at det klarer eg ikkje å hindre. Så går det rundt.

Agjeld fortel kva som skjedde då han sjølv var ute for ulukka for ein del år tilbake. Han skulle hjelpe ein nabo med å pusse beitet.

– Undervegs så tenkte eg at dette går gale, men eg sat jo fast. Eg slapp skadar, fordi eg brukte belte, seier Agjeld.

– Vil berge liv

Gjennom Norsk Landbruksrådgjeving har han i mange år ført statistikk på kor gale det kan gå når bønder lar vere å bruke traktorbelte.

Sidan 2008 har det vore 25 dødsulukker der manglande bruk av belte var relevant for det tragiske.

Av dei er halvparten velt, og alle er aleineulukker utan andre køyretøy involvert.

– Eg ser i den statistikken at det er utruleg små marginar mellom hendelege uhell og dødsulukker. Det vil bli berga to liv i året om bøndene brukar belte når dei køyrer traktor, meiner Agjeld.

Anders Felde i fjøsen

VIL HA BELTE: Bondelagsleiar Anders Felde støttar opp om forventingane til at fleire bønder skal bruke belte i traktoren.

Foto: Ola Weel Skram / NRK

Mange køyrer utan belte

Frå 1. juli i år blei det innført eit generelt påbod om å bruke setebelte i traktor, noko Arbeidstilsynet meiner er svært viktig.

– Dette er eit enkelt og konkret tiltak som vil bidra til å redde liv, sa Trude Vollheim, direktør i Arbeidstilsynet, då påbodet blei innført.

Alt tilbake i 2015 slo Arbeidstilsynet fast manglande bruk av sikkerheitsbelte var medverkande årsak til ei av fire dødsulukker med traktor.

Ei anna gransking i 2019 slo fast at 40 prosent av bøndene oppgir at dei aldri brukar setebelte i traktor når de køyrer utanfor offentleg veg.

Berre 18 prosent oppgir at dei alltid brukar setebelte.

Ein av dei som innrømmer at han ikkje alltid brukar belte sjølv, er Anders Felde. Som leiar i Vestland bondelag manar han no både seg sjølv og andre til å følgje påbodet.

– Eg må skjerpe meg, og det må mange andre bønder også. Vi har ein veg å gå og vi treng ei haldningsendring no.

– Mange har skjønt alvoret

I granskinga frå 2019 sa berre 18 prosent oppgir at dei alltid brukar setebelte.

– Dette viser at det ikkje berre er under arbeid at det er vesentleg å bruke belte i traktor. Det gjeld under all køyring, trass i at det nye regelverket er knytt til bruk av traktor i arbeid, seier bonde og rådgjevar Jogeir Agjeld.

Men no vonar han at særleg unge og nye bønder vil halde seg til reglane, og at dei forstår kor viktig det er med belte.

– Bønder er jo flinke til å omstille seg og ta til seg ny kunnskap. Eg opplever no at mange har skjønt alvoret, men vi treng litt tid til å få laga oss nye vanar. Men eg trur at bønder flest kjem til å sitje fastspent i løpet av kort tid.