Hopp til innhold

Turisttrafikken vaskar vekk kulturminne i verdsarvfjord

Bølgjer frå turistbåtane i Nærøyfjorden fører til erosjon og vaskar vekk standsona i fjorden. Høg fart får skulda.

Salthella

ØYDELAGT: På Salthella i Nærøyfjorden har steinmuren rast ut som følgje av skipsbølger.

Foto: Kristoffer Ullern Hansen / Statens naturoppsyn

– Erosjonen går veldig fort og ein må reagere i løpet av kort tid, seier Torleif Lothe i Uni Research Polytec.

På oppdrag frå Nærøyfjorden verneområdestyre har han skrive ein rapport om erosjon frå skipsbølgjer i verdsarvfjorden. Rapporten slår fast at dette er eit betydeleg problem.

– Då vi var der såg vi fleire kilo med stein som datt ut. Eg vil tru at det raste ut ein halv kilo stein per meter, berre dei 20 minutta eg stod der, seier Lothe.

Det er lagt inn ei fartsgrense på 8 knop nokre stadar i Nærøyfjorden. Lothe meiner dette bør gjelde heile Nærøyfjorden og må handhevast strengt, for at erosjonen skal minke.

Vision of the fjords på veg ut Nærøyfjorden

MOT FLÅM: Turistbåten Vision of The Fjords på veg ut av Nærøyfjorden, i rute frå Gudvangen til Flåm.

Foto: Kaia Johnsen Viki / NRK

– Eg vil seie at dette er alvorleg. Det er jo kulturminne som forsvinn. Med tid vil steinmurane langs fjorden rase ut og den gamle postvegen kan forsvinne.

Løysingar

Noralv Distad er leiar i Nærøyfjorden verneområde. I september skal styret i verneområdet møtast for å finne ei løysing på problemet.

– Vi må vurdere å utvide sona med restriksjonar på farten. I tillegg må vi sjå på korleis vi skal handheve dette og halde kontroll med at skipa held fartsgrensa.

Noralv Distad, ordførar i Aurland

LEIAR: Noralv Distad er ordførar i Aurland og leiar i Nærøyfjorden verneområde.

Foto: Noralv Pedersen / NRK

– Ein skal jo ta vare på kulturminna. Vi har brukt midlar på å bygge dei opp att før og vil no vurdere å restaurere dei på nytt, seier Distad.

I løpet av dei tre siste åra har talet på passasjerar på Nærøyfjorden auka frå 350 000 til over 500 000, men Distad trur ikkje at ein reduksjon i talet på båtar på fjorden er vegen å gå.

Forbetra skroget

Reiarlaget The Fjords er den største aktøren i Nærøyfjorden. Dei har sju skip som dagleg går inn og ut verdsarvfjorden.

– Det er bra at vi får meir kunnskap om dette. Det er noko vi tek på alvor. Nærøyfjorden er produktet vårt og det folk kjem hit for å sjå, seier Rolf Andre Sandvik som er administrerande direktør i The Fjords.

"Vision of the fjords" er endeleg i rutetrafikk.

NY TURISTBÅT: Katamaranen Vision of The Fjords vart sett inn i rutetrafikk på Nærøyfjorden i juli 2016.

Foto: Stine Kyrkjebø Johansen / NRK

Rapporten peiker på at katamaranskrog, slik som det er på dei to nyaste båtane til The Fjords skapar mest bølgjer. Dette har reiarlaget prøvd å gjere noko med.

– Vi bygde om skroget på Vision of The Fjords etter at vi såg at den drog meir vatn enn den skulle. Vi har også endra ruteoppsettet vårt, slik at vi bruker ein halv time lengre på turen frå Flåm til Gudvangen og dermed køyrer med lågare fart.

Sandvik meiner det ikkje berre er dei som må gjere endringar, for å løyse dette problemet.

– Kulturminna må haldast ved like for at dei skal vare og det er vel så viktig, seier han.

Bølger på veg mot land

BØLGJER: Bølgjer frå skip på veg mot land i Nærøyfjorden.

Foto: Kaia Johnsen Viki / NRK