Hopp til innhold

Turbussførar blåste til godt over grensa

– Det er den andre bussjåføren på to dagar vi tek med til blodprøvetaking, seier politiførstebetjent Jorid Nilsen ved Aurland lensmannskontor.

Flåm

FLÅM: Kvart år kjem mange tusen turistar innom Flåm i Aurland, men ikkje alle kjem der ved hjelp av edrue førarar.

Foto: Merete Husmo Høidal / NRK

Den polske bussjåføren i 40-åra er mistenkt for promillekøyring. Han hadde køyrt kring tre mil då han vart stogga i promillekontrollen i turistmagneten Flåm i Aurland.

Etter det NRK kjenner til, indikerte alkometeret ein promille på nærare ein.

– Promillegrensa for førarkortbeslag er over 0,5. Han blåste godt over den, seier politiførstebetjent Jorid Nilsen.

Nekta straffskuld

Det var i samband med politiet si ruskontrollveke at den polske turbussen vart vinka inn i morgontimane onsdag. Føraren kunne ikkje sjølv forstå utslaget på alkometeret.

Når det er sagt fatta heller ikkje politiet mistanke til mannen før han hadde blåst. Medan busspassasjerane vart att med guiden i Flåm, vart føraren teken med til blodprøvetaking. Han vart seinare dimittert.

– Vi har tatt hand om førarkortet og sender det i posten til Polen. Mannen mistar førarretten i Noreg mellombels, men kan framleis køyre i heimlandet, seier Nilsen.

Utset mange for fare

– Det er klart at dette skaper store problem for selskapet. Dei må no skaffe ny sjåfør til bussen, seier Nilsen. I mellomtida blir turistar og guide overlatne til seg sjølve.

Operasjonsleiar Per Algerøy i Vest politidistrikt sa tidlegare onsdag at politiet ser alvorleg på saka.

– Promillekøyring er i seg sjølv alvorleg, men det blir særskilt alvorleg med ein turistbuss full av passasjerar. Ein utset passasjerane og andre trafikantar for stor fare, seier Algerøy.

Andre bussjåføren

Dette er den andre bussjåføren på to dagar som politiet i Aurland har teke med seg til lege for blodprøvetaking.

I går blåste ein bussjåfør til mellom 0,2 og 0,5. Måndag vart også føraren av ein personbil teken med lågpromille i Aurland.

– Vi får litt meldingar frå folk som observerer førarar av utanlandske turbussar som drikk alkohol kvelden før dei køyrer vidare. Det er viktig at folk vågar å ringe politiet om slikt og vågar å fortelje førarane at promillegrensa i Noreg er 0,2 for å køyre bil, seier Nilsen.

– Kontrollane held fram

Det er Utrykkingspolitiet og dei politidistrikta som samarbeider om kontrollinnsatsen denne veka. Målet er å førebyggje og avdekke ruspåverka køyring.

– Målet er å førebyggje at nye dødsulukker skjer i trafikken. Om du er i tvil om du skal køyre etter å ha drukke dagen før, så må du la bilen stå til du er 100 prosent sikker på at du kan køyre, seier UP-sjef Runar Karlsen.

Etter tre promillekøyrarar på like mange dagar har politiførstebetjenten i Aurland ein lovnad.

– Kontrollane vil halde fram, seier Nilsen.