Hopp til innhold

Tunnel tilpassa hurtigruta - utan at det er bede om det

Hurtigruten AS har aldri bede om Stad skipstunnel - likevel bestilte Samferdsledepartementet for kort tid sidan ein tunnel stor nok til det største hurtigruteskipet.

MS Nordnorge

STORE SKIP KREV STOR DIMENSJON: Dersom hurtigruteskip som MS Nordnorge skal bruke skipstunnelen må dimensjonen vere den departementet har bestilt.

Foto: Atle Markeng / NRK

Det vil koste 600 millionar kroner meir å bygge ein så stor tunnel enn i ein mindre dimensjon som ikkje er tilpassa dei store hurtigruteskipa.

I går tok også Hurtigruten AS offentleg avstand frå at dei blir brukte i marknadsføringa av tunnelen, som dei ikkje har tatt stilling til om dei vil bruke.

– Avgjerd teken i 2007

Men statssekretær Reynir Johannesson (Frp) i Samferdsledepartementet seier det ikkje berre er deira ansvar at skipstunnelen no berre skal utgreiast i stor dimensjon.

Politisk rådgiver Reynir Jóhannesson

- PLANLEGG FOR FRAMTIDA: Statssekretør Reynir Johannesson (Frp).

Foto: Olav Heggø / Fotovisjon

– Avgjerda om å sjå på utvida dimensjonar vart teken i 2007 av dåverande Fiskeri- og kystdepartement. Bakgrunnen var innspel frå mellom andre fylkesordførarane i Møre og Romsdal og Sogn og Fjordane.

– Kvifor har departementet bestilt ein så stor tunnel når Hurtigruten ikkje har bed eom tunnel?

– Det Kystverket og vi er opptekne av er å sjå på storleiken på skip og ikkje nødvendigvis ein skreddarsydd tunnel for berre hurtigruta. Men vi har sett på storleiken på dei skipa Hurtigruten brukar, og det vil og kunne inkludere andre skip i den storleiken.

– Kva andre skip i den storleiken ser de for dykk vil bruke tunnelen?

– Det er den diskusjonen vi er i med Kystverket, vi har sett på det mellom anna som turistattraksjon. Så det handlar ikkje berre om Hurtigruten sine skip, men om storleiken på skip generelt. Vi planlegg for framtida.

– Vil tenke framover i tid

Etter det NRK kjenner til er det mest eigarar av fiskebåtar, brønnbåtar og snøggbåtar som er mest opptekne av å få bruke Stad skipstunnel, ikkje båtar på storleik med hurtigruteskipa. Johannesson veit ikkje om dei har fått innspel frå t.d. reiarlag med containerskip og cruiseskip.

– Eg kjenner ikkje til detaljane i dei diskusjonane. Eg vil kome tilbake til det når eg har sett meg meir inn i saka. Men ein av grunnane til at vi ser på ein stor tunnel er at vi vil tenke framover i tid.