Hurtigruten
.Særskilt bruken av «Midnattsol» og nestenhavariet til fartøyet utanfor Stad i 2003, har fått Hurtigruten til å reagere.
– Vi hadde ein god diskusjon i styringsgruppemøtet i går, og ynskjer ikkje å støyte Hurtigruten. Vi ynskjer å følgje spelereglane, så vi skal no gå igjennom materialet og sjå om det er ting vi bør gjere annleis, seier prosjektleiar Randi Paulsen Humborstad.
Vil ha kontroll sjølve
Det var Dag og Tid som skreiv om saka. Kommunikasjonsdirektør Anne Marit Bjørnflaten sa til avisa at nestenhavariet i 2003 ikkje hadde noko samanheng med sjø- og vêrforhold, men ein blackout i maskina.
Bjørnflaten seier Hurtigruten sjølv ynskjer å ha kontroll på merkenamn og profil.
– Vi ønskjer ikkje å bli brukte i kampanjen. Vi ønskjer også å ha kontroll over bruken av Hurtigruten som merkevare, sa Bjørnflaten til avisa.
– Handla i god tru
Humborstad har arbeidd med Stad skipstunnel i tre år, og seier dei har handla i god tru når dei brukte Hurtigruten i sitt PR-materiale.
Ho vedgår at dei ikkje har fått, eller bede, Hurtigruten om samtykke.
– Dette har vore gjort i mange, mange år. Det kan stillast spørsmål ved kvifor ein ikkje har spurt om samtykke, men vi har handla i god tru, seier ho.
– God tru basert på kva?
– Hurtigruten var med på innspelinga då vi laga film i 2005. Richard With tok då ein avstikkar frå si faste rute, og gjekk inn i Kjødepollen. Dette vart filma og seinare klipt inn i filmen om Stad skipstunnel, samt eit intervju med ein av kapteinane om bord. Hurtigruten har ikkje reagert på marknadsføringsmateriellet vårt før no, så vidt eg veit.
Vil gå i dialog
Den siste promoteringsfilmen illustrerer Hurtigruten på veg inn mot tunnelen og på veg gjennom tunnelen.
– Grunnen til at vi har brukt Hurtigruten er at den store tunnelen er dimensjonert etter «MS Midnattsol», seier Humborstad. Ho seier at dei så raskt som mogleg vil gå igjennom materialet sitt. Dei vil også gå i dialog med Hurtigruten.
Rådgjevar Stein Lillebo i Hurtigruten understreka overfor Dag og Tid at det kan bli aktuelt å ta stilling til Stad skipstunnel på eit seinare tidspunkt.