Trygg Trafikk med stor teljing: Fire av ti barn er for dårleg sikra i bil

Feil sikring av barnet kan få katastrofale følger dersom det oppstår ei ulykke. Ferske tal viser at 40 prosent av barna mellom fire og sju år ikkje er godt nok sikra i bil.

Redder ferien: Riktig mat i rett tid gir god stemning i baksetet.

RIKTIG SIKRING: Barn bør heller sitte i beltestol enn på pute, meiner både Trygg Trafikk og Vegdirektoratet.

Foto: Sara Johannessen / Scanpix

I 2018 gjennomførte Trygg Trafikk ei stor teljing, i samarbeid med politiet.

Undersøkinga retta seg inn mot kor godt foreldre sikrar dei litt større barna, i alderen fire til sju år. Meir enn 1400 barn vart kontrollerte.

  • Kvart fjerde barn var sikra på ei bilpute. Ikkje i ein beltestol, slik ekspertane anbefaler.
  • 15 prosent var ulovleg sikra. Enkelte av barna var heilt usikra. Andre var berre sikra i dei originale belta i bilen, noko som er ulovleg for så små barn.

Trygg Trafikk meiner fleire av tala gir grunn til bekymring.

– Det som sjokkerer meg mest er at 15 prosent av foreldra sikrar barna ulovleg. Det er skremmande når vi veit kor avgjerande riktig sikring kan vere dersom det skjer ei ulykke, seier kommunikasjonsrådgjevar Ann-Helen Hansen.

Ann-Helen Hansen

MANGLANDE SIKRING: Ann-Helen Hansen i Trygg Trafikk meiner det er urovekkande at kvart fjerde barn er sikra på ei bilpute. Ikkje i ein beltestol, slik fagfolka anbefaler.

Foto: Trygg Trafikk / Morten Brakestad

Ho meiner også det er urovekkande at mange foreldre vel å bruke bilpute framfor beltestol.

– Bruk av bilpute er ikkje forbode, men gir langt dårlegare tryggleik. Ikkje minst ved sidekollisjonar. I mange år har vi vore tydeleg på å anbefale bruk av beltestol så lenge som mogleg.

I tillegg viser andre undersøkingar at det er stor mangel på kunnskap.

Sju av ti foreldre veit ikkje kor høge barna deira må vere før dei kan slutte å bruke sikringsutstyr i bil, viser ei undersøking som er utført av YouGov på vegner av Trygg Trafikk og forsikringsselskapet If.

Lovverket seier at barn som er under 135 cm alltid skal bruke godkjent utstyr. Er barnet under 150 cm skal ekstra sikring brukast dersom det er tilgjengeleg.

Forsterkar åtvaringar

I historia om Kaja Herstad (6), som vart hardt skadd i ein front-mot-front-ulykke i Eikefettunnelen i Nordhordland, var bruk av bilpute truleg medverkande til at ho vart så hardt skadd. Havarikommisjonen skriv at bruk av beltestol i staden for pute kunne påverka sovestillinga

Hovudet fell fram - sovnar på sittepute

FEIL SIKRING: Ved å sitje på ei bilpute i staden for i ein beltestol, aukar risikoen for at barnet får overkroppen framover når det sovnar. Det kan bli kritisk dersom det oppstår ei ulykke.

Foto: Arne Stubhaug
Jente i beltestol. Riktig sikra.

RIKTIG SIKRING: Beltestol gir betre tryggleik ved sidekollisjonar. I tillegg er det langt mindre risiko for at barnet sovnar i feil stilling.

Foto: Arne Stubhaug

I desse dagar jobbar Trygg Trafikk og Vegdirektoratet med å tydeleggjere informasjonen mot foreldra. Både nettsider og brosjyrar blir no oppdaterte.

– Vi flyttar opp og forenklar informasjonen, der vi poengterer at ved å bruke beltestol så sikrar du riktig belteføring for barnet ditt, seier seniorrådgjevar i Vegdirektoratet, Anette Hauge.

I tillegg blir det presisert at barn som sit i bil over lengre avstandar, alltid bør sitje i beltestol.

– På lengre turar er det vanleg at barn sovnar i bil. Då bør foreldra alltid velje beltestol framfor pute, seier Ann-Helen Hansen i Trygg Trafikk.

Nye reglar

Dei siste åra har det kome nye reglar som seier at barnet må vere større før det kan bruke bilpute. Minimumsvekta har blitt flytta frå 15 til 22 kilo.

Men fordi dei gamle reglane ikkje er fasa ut, er det framleis lov å kjøpe og selje puter til barn på 15 kilo. Det betyr at ein 3-åring (over 15 kg) kan settast på bilpute, noko ekspertane sterkt åtvarar mot.

– Reglane er kompliserte slik dei er i dag. Våre anbefalingar går uansett mykje lenger enn det som er minimumskravet i regelverket, som er likt i mange europeiske land. Slik systemet er i dag så har foreldra eit stort ansvar for å sørge for at barnet er godt nok sikra, seier Anette Hauge i Vegdirektoratet.

Trygg Trafikk merkar også ein stor pågang på hjelpetelefonen, der eit stort fleirtal spør om sikring av barn i bil.

– Mange lurer oppriktig på om dei sikrar barna riktig, men ein del spør også om kva som er lov eller ikkje. Vi anbefaler alltid at ein sikrar betre enn det som er minimumskravet, seier Ann-Helen Hansen.

Trygg Trafikk meiner det berre er eldre barn i 10-12-årsalderen som bør bruke puter. Heilt unntaksvis.

– Det kan vere riktig, i enkelte tilfelle, dersom barnet har vakse ut av beltestolen, men treng eit lite løft for at beltet skal sitte riktig over skuldra og inntil hofta. Men for dei fleste barn kan ein sitte i beltestolen til ein går over til vanleg sikring i bil.