Jakta på detaljen som kan redde liv

Front-mot-front-ulykka var brutal. I den eine bilen sat pappa Aage og tre barn. Men ingen skjønte kvifor berre Kaja (6) vart alvorleg skadd og måtte kjempe for livet.

Enkelte sekund sit som spikra resten av livet.

Den ubeskriveleg korte tida frå ein ser trafikken som kjem imot, på normalt vis – til den eine bilen som svingar ut og rett mot deg, i rundt 80 kilometer i timen.

Det går så fort.

Pappa Aage Herstad hugsar alt. I den svarte Volvoen, ein 2006-modell, sit han og barna Kaja (6), Kristoffer (9) og Aron (10) på veg frå Bergen til Florø.

– Eg hugsar godt då eg oppdaga bilen som kom imot. Eg tenkte at dette går til helvete, seier Aage.

Det intense smellet.

Kollisjonsputene som slår seg ut. Lyden av metall som krøllar seg saman. Dei lange sekunda etterpå, der alt er heilt stille.

– Det var kanskje det mest skremmande. Den stilla.

Lite visste han, på det tidspunktet, at ein liten detalj skulle føre til at eit av barna vart langt meir skadd enn dei andre.

Helgetur

Det er første søndagen i advent. Familien har lappar med ulike aktivitetar i adventskalenderen og bestemte seg for tur til Bergen. Pepperkakebyen og Fløyen.

Det er 230 kilometer og knappe fire timar frå Pepperkakebyen i Bergen til Florø. Snart skal familien køyre heim.

Ungane er godt kledde og i førjulsstemning. I bilen må jakkene av, seier pappa, for at dei skal vere godt sikra.

Aage har sjølv kjent på kroppen kor avgjerande god sikring kan vere.

Ein gong var han involvert i ei ulykke, i ganske låg fart, der han slo hovudet hardt fram i fronten trass i at setebeltet var på.

Det skremde han.

Etter det har han vore det han kallar litt «nazi» på å sikre ungane. Dei skal sitte skikkeleg i setet når bilen er i fart.

Den første halvtimen med køyring frå Bergen går som normalt.

Etter kvart sovnar dei. Ein etter ein.

Det hadde vore ein lang dag der det hadde gått i eitt.

Aage er temmeleg sikker på at han har sikra dei slik han skal. Men han tek likevel ein ekstra sjekk. Snur seg bak, vekker dei og seier: «No har alle belte på!»

– Eg fekk samrøystes svar.

Etter 45 minutt når dei Eikefettunnelen og køyrer inn. Farten er rundt 80 kilometer i timen.

Det korte sekundet

Kva rekk ein å tenke rett før ein raud Tesla på over 2000 kilo dundrar rett i fronten?

Rekk ein å tenke noko i det heile?

Aage har tidlegare høyrd andre seie at eit augeblikk som dette kjennest lenge.

At det vesle sekundet er meir enn langt nok til å tenke mange tankar.

– Men det gjekk utruleg fort. Eg hadde ikkje sjanse til å gjere noko med rattet, for å seie det slik. Eg fekk så vidt tøtsja bremsen. Og så var det å få den midt i trynet.

Det var så stille der, sekunda etterpå.

Den aller verste kjensla.

Var alle i bilen i live?

Men så byrja ungane å skrike.

Aage er letta, men skjøner at dei framleis kan vere i fare. Han er redd for at ungane skal kaste seg ut av bilen i panikk, der trafikken kjem i stor fart, i begge retningar. Lukta i bilen er ekkel. Kan det byrje å brenne? Kva om dørene ikkje opnar seg slik dei skal?

Aage prøver først døra han sit ved. Ho går opp. Så får han opp døra til Kaja og Kristoffer bak. Aron kjem seg ut på eiga hand.

Dei går bak bilen og set seg på kanten av vegen, inntil tunnelveggen.

Aage tenker at det aller viktigaste er at alle barna er i live. At dei er medvitne.

Han legg likevel merke til at Kaja har ekstra vondt.

Ho er redd.

Så tek ho seg på kragebeinet, før ho klagar over smerter i skuldra, magen, hovudet. Over alt, eigentleg.

Slik kan trafikkulykker vere lumske.

Sjølv om alle barna er medvitne, kan dei ha fått livstrugande, indre skadar.

Ei dame frå ambulansen kjem og vil undersøke Kaja. Det er då Aage skjøner at ho er alvorleg skadd.

Ingen veit kvifor Kaja er så mykje meir skadd enn dei andre. På veg inn til sjukehuset får ho beskjed om å halde seg vaken.

Aage skjøner at han må få varsla resten av familien. Storebror Mathias (14) er heime i Florø. Mor til Kaja, Julie Hammerseth Herstad, er i ein annan bil nokre kilometer lenger framme. Aage får etter kvart ringt ho.

– Det var veldig spesielt. Eg torde ikkje seie kor alvorleg det var. Eg sa det gjekk bra.

Julie skjøner etter kvart at dette er langt meir alvorleg enn ho først hadde trudd.

– Panikken er å vere langt unna. Den kjensla at dei var for seg sjølve, at eg ikkje fekk vere nær dei og trøyste dei. Eg tenkte at Aage sjølv kunne vere skadd og at ingen var der for dei.

Aage fekk bli med ambulansen, der Kaja låg.

Det blødde frå hovudet hennar, mest frå munnen og nasen.

På Nordhordlandsbrua kom ein legebil dei i møte med blodposar.

Måten fagfolka snakka til henne på, gjorde han uroleg.

Dei sa at ho ikkje måtte sovne. «Kaja, Kaja. Høyrer du meg?» gjentok dei.

Men Kaja var kjempetrøytt. Sove var alt ho ville.

Indre skadar

Ved Haukeland universitetssjukehus er det ettermiddag og vaktskifte.

Men så kjem meldinga om at tre bilar og sju personar er involverte i ei ulykke i Eikefettunnelen nord i Hordaland. Skadeomfanget er ukjent.

Traumesenteret blir sett i alarmberedskap.

Vakthavande lege Lisa Hole ser fort skadar på Kaja som bekymrar henne.

– Ho hadde svingande blodtrykk, som kan bety at det er stor bløding på gang i buk, bekken og brysthole. Og så var det mistanke om hovudskadar, fordi ho endra bevisstheit.

I tillegg hadde ho eit knekt kragebein og fleire knekte ribbein.

– Vi såg at pustebevegelsen ikkje var slik vi ønskte den skulle vere. Ho hadde tung pust.

Det var skadar av eit omfang som kan tippe begge vegar.

Kaja får påvist bløding i hjernestammen.

Kristoffer og Kaja har alltid hatt eit tett band. Storebroren får lov til å besøke henne på intensiven, få timar etter ulykka.

Merket frå setebeltet er tett inntil halsen og tyder på at Kaja er riktig sikra.

Ved større ulykker, over ein viss fart, lagar setebeltet ofte slike merke på kroppen. Det er slik det skal vere. Beltet hindrar personen i å bli kasta rundt i bilen.

Men det var ikkje riktig eller feil sikring foreldra tenkte på dei første timane etter ulykka.

Alt handla om at Kaja skulle klare seg. At blødinga i hjernestammen skulle trekke seg tilbake.

Det å få vere nær henne, så fort dei fekk lov.

På intensiven sov Kaja mykje, men når ho var vaken forsøkte foreldra å trøyste henne.

Fortelje henne at dette skulle gå bra, at dei var der for henne.

Men dei hugsar også legane nemne at det såg ut som Aage hadde gjort alt riktig.

At det mest synlege avtrykket gjekk over skuldra og på skrå over brystet. Og nedre del over hoftene, ikkje over magen.

Akkurat slik det skal vere.

– Ho er ei lita jente. Eg tenkte vel at skadane skuldast at ho er mindre og meir sårbar enn dei andre, seier Aage.

Men for legane var det viktig å få fleire svar rundt kva som skjedde med Kaja.

Havarikommisjonen blir kopla inn.

Strekk i beltet

Det er ein omstendeleg jobb.

Å rekonstruere front-mot-front-kollisjonen på best mogleg måte.

Normalt brukar Statens havarikommisjon for transport eit barn på same størrelse eller ei dokke.

Så startar jobben med å teste ulike hypotesar, på bakgrunn av funn på staden og samtalar.

Inspektørane fekk oppdatert informasjon om hovudskaden til Kaja, men kva hadde ho eigentleg treft?

Havariinspektør Trond Boye Hansen utførte testar som viste at det var umogleg for Kaja å treffe forsetet, avstanden var for lang. Det var heller ikkje mogleg å treffe midtkonsollen.

Beltet i seg sjølv gir den første indikasjonen på kva som har skjedd. Då inspektørane skulle sette det tilbake til riktig utgangsposisjon, var det slakt. Men kva hadde strekt det?

Røntgenbiletet viser at Kaja knekte kragebeinet. Det tyder på at ho hadde beltet der ho skulle, over skuldra.

Men så ser inspektøren ein liten detalj hos Kaja, som gjer han nysgjerrig.

Fingeren på venstrehanda har fått ein liten skade. Kan det skuldast at ho fikla med beltet dei kritiske sekunda før ulykka?

Inspektøren snakkar med foreldra om denne hypotesen, men dei kjenner seg ikkje igjen. Å fikle med beltet på denne måten er ikkje noko Kaja bruker å gjere. Dessutan kan ho ikkje sjølv hugse at ho har gjort det.

Kva kan då vere årsaka til skadane?

Betre bilar – færre dødsfall

Det er langt tryggare å køyre på norske vegar i dag enn det var for nokre tiår sidan. Både for vaksne og barn. Dødstala går kraftig nedover.

På slutten av 60-talet døydde rundt 100 barn i trafikken kvart einaste år (0-14 år), viser tal frå Trygg Trafikk. Den gongen delte ein ikkje mellom ulike trafikantgrupper.

I ein femårsperiode, frå 2013 til 2017, døydde totalt 17 barn i heile perioden (0-15 år). Av desse sat 6 i bil.

Det er som natt og dag.

Bilane har blitt sikrare. Foreldre har blitt flinkare til å sikre.

Men:

Talet på kritisk og alvorleg skadde i trafikken går mindre ned enn talet på døde. I den same femårsperioden, frå 2013 til 2017, vart 157 barn alvorleg eller særs alvorleg skadd.

– Vi ser ei endring. Pasientpopulasjonen går frå å omkomme til å klare å overleve, trass i ein alvorleg skade, seier seksjonsleiar Kurt Andersen ved Traumesenteret på Haukeland.

I tala finn ein også barn og familiar, der alt brått endrar seg frå ein dag til den neste.

– Frå å vere ein aktiv familie til å ha eit pleietrengande barn. Det snur opp ned på livet til ein familie.

Han ser eit mønster som går igjen. Ofte er det den vesle detaljen, den vesle bresten i sikringa av barnet som utgjer den store forskjellen. Iblant handlar det om forskjellen på liv og død. Andre gongar om barnet kan gå uskadd ut av ulykka, eller få ein langvarig, kanskje varig skade.

– Familiane som har vore gjennom dette får ei aha-oppleving. Når vi går inn og ser på kvifor barnet vart alvorleg skadd, det er då dei vaknar. Vi treng ikkje trafikkampanjar mot dei som har vore utsette for det. Fordi dei veit, seier seksjonsleiaren.

På riktig veg

På Haukeland er ein sjukepleiar til stades heile tida for å passe på Kaja, det første døgnet.

Eigentleg ønsker foreldra å ligge på same rommet, på intensiven, men det er ikkje plass.

Aage og Julie ligg i eit rom ved sidan av og kan bli henta inn på kort varsel.

Storebror Mathias kjem frå Florø til Bergen med båten, med eit sterkt ønske om å få sjå resten av familien.

Han seier til mamma at denne jula kunne dei risikert å vere aleine, berre dei to.

Julie svarar at dei kan ikkje tenke slik. Ikkje no.

I tillegg føler Aage og Julie eit ansvar for å følge opp dei andre ungane. Alle har vore gjennom noko som har gjort eit uutsletteleg inntrykk.

På eit tidspunkt merkar familien at stemninga endrar seg. Til det betre. Det skjer når legane fortel at Kaja kjem til å klare seg, utan varige skader.

Men når kreftene kjem tilbake til henne, litt etter litt, så kjem også alle tankane.

Kaja er forbi den kritiske fasen, men føler seg utrygg. Ho treng mange klemmar frå mamma og pappa.

Etterkvart som dei andre i familien forstår at det går betre med Kaja, stig stemninga merkbart.

«Eg tenkte det inne i hjernen min at det kom til å gå bra», seier Kaja.

Dei små detaljane

Havarikommisjonen veit at det er viktig å finne den eine detaljen som gir svaret på kvifor Kaja vart så hardt skadd.

Fordi det kan hindre andre barn i å få store skadar neste gong.

Difor held dei fram med å snakke med Aage og Kaja.

Kva var det eigentleg som skjedde i bilen dei siste sekunda før ulykka?

Aage hugsar jo at Kaja sovna, og at han snakka med ho rett før.

Kan ho ha sovna igjen?

Havarikommisjonen gjer fleire forsøk for å finne svaret.

Volvoen klarte seg godt i møte med dei voldsomme kreftene, meiner Havarikommisjonen. Kupéen var intakt.

Kaja sat i setet bak, riktig sikra, på ei pute. Ho sovna og overkroppen fekk ein bøy framover. Ho slo truleg hovudet hardt i kneet då bilen kolliderte.

Havarikommisjonen meiner beltestol, i staden for pute, kunne begrensa skadane. Årsaka er at barn sjeldnare heng framover når det er god sidestøtte for hovudet.

At barnet sit med overkroppen riktig, er heilt essensielt.

Med riktig sittestilling ville hovudet til Kaja stoppa lenge før det trefte kneet.

Det er den farlege duppen framover ekspertane fryktar.

– Barn bør sitte i beltestol så lenge dei har plass. All erfaring tilseier at barnet sovnar til ein av sidene, heller enn å falle framover, seier inspektøren.

Aage har reflektert på det i ettertid. Om han burde stoppa bilen då han såg at fleire av ungane sov.

– Eg må innrømme at eg tenkte ikkje noko på det. Vi nærma oss ferja. Det hadde vore ein lang dag. Ungane var slitne.

Det gjorde det heller ikkje lettare at han var aleine i bilen. Det var framleis 180 kilometer til dei var heime.

– Hadde Julie vore med, hadde det kanskje vore noko anna. Du skal følge med på vegen også. Det er ikkje lett å sjå bakover heile tida.

Det har inspektøren i Havarikommisjonen forståing for:

– Dette er vanskeleg. Du skal ha nok fokus på vegen. Ikkje sjå for mykje bakover. Det kan vere eit poeng å stoppe dersom du ser at barnet sit i feil stilling, seier Boye Hansen.

Aage er einig:

– Eg burde kanskje stoppa. Det kan vere eg gjer det neste gong. Eg har blitt meir merksam på dette, heilt klart, seier han.

Og Kaja sit i dag i beltestol.

Tilbake til kvardagen

Heime hos familien på seks i Florø er det lite som vitnar om kva dei har vore gjennom, tre månader tidlegare. Ingen synlege skadar. Alle ungane er tilbake på skulen.

Men det tek ikkje lang tid før Kaja stiller foreldra spørsmål og vil sjå på bilete av bilane i tunnelen. Som ho har gjort nærmast kvar dag, etter ulykka. Igjen og igjen.

– Oi, var det den som kom på feil side?

– Var det Teslaen?

– Klarte den ikkje å stoppe?

– Kvifor spydde eg heile tida?

– Lagde den ein høg lyd då vi bremsa?

Pappa må enda ein gong svare på kva som skjedde rett før smellen.

– Eg fekk nesten ikkje bremsa, seier Aage.

– Kvifor?

– Fordi den bilen kom så fort.

Ein liten bonus ligg der, i alt det vonde: Foreldra har no fått ein unge som veit kva ho skal gjere, neste gong ho sit i ein bil.

Kaja er like aktiv i dag som ho var før ulykka. Glad i å finne på masse forskjellige ting.

No startar jobben med det psykiske. Å bli vant til å køyre igjen, utan frykt.

Mamma og pappa skal snakke med Kaja og dei andre ungane, igjen og igjen, om det som skjedde, slik at dei utrygge tankane dukkar opp litt sjeldnare.

Det skal dei klare, meiner dei.

Foto: Arne Stubhaug (NRK), Ole André Rekkedal (NRK), Privat, Havarikommisjonen, Vest politidistrikt .