Hopp til innhold

– Berre eit beinbrot kan hindre Ingvill i å sette ny norsk rekord i Florø

Seks veker før Florø Friidrettsfestival slår Ståle Jan Frøynes fast at det kjem til å bli sett ny norsk rekord av Ingvill Måkestad Bovim i Florø.

i

SIKTAR MOT NORSK REKORD: Ingvill Måkestad Bovim er i storform og stiller på 600 meter i Florø.

Foto: Åserud, Lise / NTB scanpix

Frøynes er ansvarleg for elitedeltaking på friidrettsfestivalen i Florø, som i år blir avvikla 7. juni. Han var i går i Portugal for å snakke med den norske mellomdistansestjerna.

– Ho er tilbake etter barnefødsel, ho er i super trening, og på Florø stadion 7. juni ryk rekorden på 600 meter, det er eg sikker på.

Den gjeldande rekorden på distansen er 1,29,5 og er sett av Benedicte Hauge frå Kristiansand. Det er ikkje så ofte denne distansen står på programmet, og Frøynes meiner det er viktig å få sett rekordar i Florø.

– Jakta på rekordar har vore noko av det artige med Florø Friidrettsfestival gjennom alle år. For to år sidan fekk vi tre på ein liten halvtime.

(Artikkelen held fram under biletet).

Ståle Jan Frøynes

SIKKER PÅ REKORD: Ståle Jan Frøynes er trygg på at 600-meterrerkorden fell.

Foto: Per Foss / NRK

– Heilt fantastisk å sjå

Og grunnen til at Ståle Jan Frøynes er så sikker på at Ingvill Måkastad Bovim set norsk rekord i Florø er det han såg i Portugal.

– Eg såg ho i ei testøkt, og det gjer meg heilt sikker. Det er berre eit beinbrot som kan ta frå ho rekorden dersom ho held det nivået ho har no. Det var heilt fantastisk å sjå.

Ingvill Måkestad Bovim vart skadd rett før ho skulle springe i OL i London i 2012 og måtte gjennom ein akillesoperasjon. Sidan har ho blitt mor, men no er ho i full trening att, og Ståle Jan Frøynes trur ho blir betre enn nokon gong.

– Ho fyller 33 år i år, men ho har motivasjonen til ei ungjente og har siktet innretta på OL i Rio de Janeiro om to år. Vi kjem til å få fantastisk mange fine stunder med Ingvill dei komande to åra.

(Artikkelen held fram under biletet).

Jaysuma

KLAR FOR FLORØ: Jaysuma Saidy Ndure sette rekord sist han var i Florø.

Foto: Truls Kleiven

Jaysuma kjem att

Det er enno seks veker att til Florø Friidrettsfestival, og difor er det ikkje så mange namn å sleppe enno, men Frøynes kan love at Jaysuma Saidy Ndure kjem.

– Han er bekrefta på 100 meter og kjem til å sprinte for fullt. Vi hugsar han jo frå innandørssesongen då han sprang på 10.19 i Florø.

– Strømmen Kjerpeset mot superløp

Og eit sikkert kort er Florø sin eigen Øyvind Strømmen Kjerpeset .

– Han har laga ei sesongopning med tanke på eit superløp på 400 meter hekk i Florø. Han startar med sprintløp på Bislett 22. mai, så spring han 400 meter flatt i Tønsberg, og veka etter er han klar for 400 meter hekk på heimebane.

I tida framover kjem Ståle Jan Frøynes og Rune Osa til å arbeide med å få fleire profilar til Florø. Mellom anna er det viktig å få god matching for dei tre norske håpa. Og då brukar dei andre argument enn pengar.

– Vi har ikkje brukt pengesetlar som drivkraft, vi spelar på det byen og festivalen kan by på. Vi har alltid hatt store stjerner, men til ein heilt annan pris enn dei store arrangørane. Slik må vi prøve å gjere det i år også.

Øyvind Strømmen Kjerpeset

OPPLEGG FOR FLORØ: Øyvind Strømmen Kjerpeset byggjer opp sesongopninga med tanke på Florø Friidrettsfestival.

Foto: Truls Kleiven / NRK