Hopp til innhold

Lovar tidenes beste sleggekonkurranse

Ein råsterk kar frå Polen skal setje ein ekstra spiss på årets friidrettsfestival.

Szymon Ziolkowsk

VERDSMEISTER: Szymon Ziolkowsk frå Polen er både verdsmeister og olympisk meister i slegge. I juni kjem han til Florø.

Foto: Sanjin Strukic/PIXSELL / Pa Photos

Florø Friidrettsfestival går av stabelen laurdag 8. juni. Håpet er at sterke og raske utøvarar skal lokke publikum til kystbyen og stadion.

Det største namnet så langt er Szymon Ziolkowski frå Polen. Han er både verdsmeister og olympisk meister i slegge. Den personlege rekorden hans er eit kast på 83,38 meter.

Spennande konkurranse

Stemneleiar Rune Osa er glad for å få eit slikt namn til Florø.

– Det ser ut til å bli tidenes sleggjekonkurranse i Norge, så dette ser utruleg bra.

– Kva betyr det å få på plass ein utøvar som Ziolkowski?

– Det set ein ekstra spiss på stemnet at vi får på plass store namn. Det viser at vi gjer ein god jobb, seier Osa.

Stemnet får også besøk av Eivind Henriksen som sette rekord i slegge i fjor. Det kjem også sleggjekastarar frå Latvia og Kviterussland som kastar kring 80 meter. I kvinneklassa startar truleg Marte Rygg Årdal og Marte Raad.

(Artikkelen held fram under biletet)

Ezinne Okparaebo

REKORDJUBEL: Ezinne Okparaebo kunne juble etter å ha sett ny norsk rekord på 100 meter i Florø under stemnet i fjor.

Foto: Eivind Nordvik Hauge / NRK

Sterkt felt på 800 meter

Stemneleiar Rune Osa lover også ein spennande 800 meter. Bergensaren Ådne Svahn Dæhlin får topp konkurranse av kubanaren Cubaner Yeimer Lopez som har sprunge på tida 1,43,07. Arrangørane lovar fleire spennande namn framover, og trur dei skal lokke mykje folk til stadion i juni.

– Vi jobbar framleis med kjente utøvarar og trur at konkurransane våre blir minst like bra som i fjor.

Av lokale namn nemnar han Øyvind Strømmen Kjerpeset frå Florø som startar på 400 meter hekk.

– Han ligg i skorpa til å setje ny norsk rekord. Den gamle er moden til å bli slått. Vi har også med Jostein Joshua Fosse på 100 og 200 meter. I tillegg kan eg love fleire spennande namn framover.

Håper på fleire enn i fjor

I fjor blei det sett tre norske rekordar og mange flott prestasjonar under Florø Friidrettsfestival laurdag, men berre 200 kom og såg på i finveret. Osa håper dei klarer lokke fleire i år.

– Vi får håpe det, for vi har ikkje vore så heldige siste åra. No håper vi i det lengste at folk vil sjå kjente og internasjonale namn.

Store idrettsnamn, og fint ver til tross - publikum svikta Florø Friidrettsfestival i helga. Men dei få som møtte fram, fekk med seg tre norske rekordar.

LITE PUBLIKUM: Tre norske rekordar under friidrettsfestivalen i fjor. Men berre 200 fekk med seg stemnet.