NRK Meny
Normal

Trur på løft for reiselivet

Reiselivet kan få kraftig draghjelp av Stad skipstunnel, meiner Innovasjon Norge. Men enn så lenge finst det lite tilbod til turistar i området.

Stad skipstunnel

STAD SKIPSTUNNEL: Om nokre år kan båtar med storleiken til Hurtigruta segle gjennom Stadlandet.

Foto: Kystverket/Snøhetta

Mykje tyder på at byggestart for Stad skipstunnel kan kome innan få år. Prosjektet ligg an til å få høg prioritet i komande Nasjonal transportplan, skal ein tru løfta frå politikarane.

I tillegg til å vere ei transportåre er håpet at tunnelen kan bli ein ny stor turistattraksjon i Nordfjord. Innovasjon Norge har trua.

Audun Pettersen

HAR TRUA: Audun Pettersen i Innovasjon Norge trur Stad skipstunnel kan løfte reiselivet på kysten.

Foto: Tommy Andresen

– Vi ser alt no at det er interesse for den. Internasjonale medium har skrive nesten to tusen artiklar om Stad skipstunnel, som er eit spektakulært prosjekt, meiner avdelingsdirektør for reiseliv og mat, Audun Pettersen.

Treng hotell, restaurantar og butikkar

Problemet er at reiselivsnæringa i Vågsøy, Selje og Vanylven manglar store og tunge

Store visjonar for Måløy

PLANAR: Desse skissene illustrerer storhotellet som investorar i Måløy ynskjer å bygge. Prislapp på prosjektet kan bli vel 600 millionar kroner.

aktørar. Hotellet i Selje skal halde vinterstengt, og i Måløy jobbar næringslivet med planar om eit nytt stort hotell, utan at det er klart kven som skal stå for drifta.

Innovasjon Norge meiner det er heilt nødvendig å få på plass opplevingar i området som gjer at turistane ikkje berre seglar forbi området.

– Det må leggast til rette for opplevingar rundt omkring tunnelen. Eksempelvis så kan dette bli ein magnet for småbåtfolket, men då må ein ha sørvisanlegg. Aktørane i området må samarbeide.

– Reiselivet på kysten er underutvikla

Ein av dei som håpar at det vil kome langt fleire turistar til kysten av fylket som følgje av skipstunnelen er Svein Inge Fosse ved serverings- og overnattingsstaden Knutholmen i

Svein Inge Fosse

HAR TRUA: Svein Inge Fosse ved Knutholmen ventar kraftig vekst i båttrafikken.

Foto: Bjarne Eldevik

Kalvåg.

– Reiselivet på kysten er nytt og underutvikla, vi må kome oss vidare. No får vi ein stor moglegheit til å hauste, og eg er sikker på at mange vil satse. Mange vil

Kalvåg

KALVÅG: Familien Fosse satsar hardt på å utvikle Kalvåg som reisemål

Foto: Tormod Amundsen / BIOTOPE

kome til tunnelen berre for å sjå, det er verdas einaste skipstunnel. Knutholmen har årleg 3500 overnattingsdøgn med småbåtar, men med fleire hundre tusen småbåtar over heile Sør-Norge er potensialet stort for auka trafikk.

I dag vert Stadhavet ein flaskehals som mange kvir seg for å passere.

– Det vil vere ein forferdeleg nedtur om ikkje tunnelen kjem no, seier Fosse.

– Kan løfte Nordfjord

Denne veka har Nordfjord Vekst og Visit Nordfjord arrangert konferanse i Kalvåg om Stad skipstunnel som reisemål. Poenget med konferansen var å få aktørane i området til å

Randi Paulsen Humborstad

MÅ UTVIKLAST: Randi Paulsen Humborstad meiner aktørane i regionen må arbeide for å utvikle reiselivsprodukt kring Stad skipstunnel.

Foto: Øystein Torheim

møtast og starte arbeidet med å utvikle reiselivet. Dagleg leiar i Nordfjord Vekst, Randi Paulsen Humborstad, ser tunnelen i samanheng med turistsatsingane elles i Nordfjord.

– Det er viktig at ein ser tunnelen i samanheng med dei andre attraksjonane i regionen, og at dette kan løfte Nordfjord som reisemål.

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.