Hopp til innhold

Ønsker megaprosjekt i Måløy

Draumen er hotell, badeland, kulturhus, kontor og leiligheiter i sjøkanten. Prisen er 600 millionar kroner.

Store visjonar for Måløy

RIVIERA? Det minner mest om havneområde ein finn langt unna ytre Nordfjord, men slik kan Måløy sjå ut dersom pengane kjem på plass.

Store bygningar, glasfasadar og gangbruer kan bli Måløy sin nye «waterfront», dersom Måløy Eiendomsutvikling og Coast Seafood får det som dei vil.

I dag la dei fram eit forslag til korleis området langs sjøkanten i Måløy sentrum kan utnyttast. No er det ei tom utfylling i sjøen, midt i sentrum av kystbyen, men Sverre Søraa i Coast Seafood meiner det er den beste tomta i Måløy, og har store visjonar for kva den skal brukast til.

– Måløy er eit internasjonalt samfunn og det ville vore rart om vi ikkje retta oss mot det internasjonale når vi gjer noko slikt som dette. Dette er fullt mogleg å realisere, seier Søraa.

Store planar i Måløy

WATERFRONT: I dag er det ei utfylling i sjøen, men kanskje kan Måløy sjå slik ut om nokre år.

Imponert ordførar

Vågsøy-ordførar Kristin Maurstad trur planar som dette kan blåse liv i Måløy sentrum.

– Aktiviteten har ikkje blomstra dei siste åra, så vi har behov for meir aktivitet i sentrum, seier ho.

Kristin Maurstad

BEGEISTRA: Ordførar Kristin Maurstad håper planane kan realiserast.

Foto: Asgeir Reksnes / NRK

Sentrumsutvikling for fleire hundre millionar kroner er kanskje noko mange ordførarar vil seie «ja takk» til, og Maurstad er som venta begeistra etter å ha sett presentasjonen.

– Det er spenstig og visjonært og har så mykje som vi faktisk treng. Dette dekker mange av våre behov og eg håper verkeleg at dette går i orden, seer ordføraren.

Ho vil at kommunen skal gjere det dei kan for at dette kan bli noko av. Prosjektet treng mellom anna endringar i reguleringsplanane for området, slik at dei kan få lov å bygge så høge hus som dei ønsker.

– Pengane finst lokalt

I underkant av halvparten er eigenkapital, så det kjem til å bli ei stor utfordring å finne pengar til eit slikt prosjekt. Svein Skibenes meiner næringslivet vil bidra, på grunn av verknaden eit slikt prosjekt vil ha for næringslivet over tid.

– Pengane finst nok lokalt i dei bedriftene som vi har i Måløy. Eg er sikker på at vi klarer å få inn dei pengane vi har behov for, seier han, men presiserer samtidig at det enno er tidleg i prosessen.

Det har lenge vore ein debatt i lokalsamfunnet om sentrumsutvikling i Måløy. I dei siste åra har mykje vore flytta til Deknepollen, og nyleg har det vore ein debatt om kvar den nye ungdomsskulen skal vere.

Sjølv om ting har stått litt stille i Måløy, trur ikkje Skibenes det er ein dårleg idé å satse på denne måten.

– Det er ein veldig positiv utvikling i Måløy ved at ein no tar tak og rustar opp, så her er ein del spennande prosjekt. Folk vil sjå ein merkbar forskjell dei neste tre-fire åra, seier Skibenes.