Hopp til innhold

Trur Harastølen blir riven neste år fordi ingen viser interesse for bygget

Harastølen blir riven neste år. Verken eigarane eller Luster kommune leiter lenger aktivt etter nokon som vil kjøpe.

Harastølen

STOR FORFALL:

Foto: Vidar Gudvangen / NRK

Dei trur det historiske bygget kjem til å vere historie frå 2015. Ordførar i Luster, Ivar Kvalen, er i ferd med å gje opp.

– Det vi ønskjer aller mest, er nokon som har ressursar til å ta vare på bygget og få inn berekraftig aktivitet. Vi har brukt mange år på å finne dei rette, men dei har vi ikkje funne og då er det ikkje anna utveg enn å rive, seier ordføraren.

Stor forfall siste åra

Harastølen var ein gong eit av dei største spesialsjukehusa i Norge. Tørt klima, furuskog og tynn fjelluft skulle hjelpe mot folkepesten tuberkulose.

Harastølen blei reist i 1902 og tuberkulosepasientar fekk behandling her heilt til 50-talet. Etter dette var det psykiatrisk sjukeheim og asylmottak, før det blei folketomt på starten av 90-talet.

Det gamle, store bygget i fjellsida, med utsikt over Lustrafjorden, har forfalle over åra. Fleire har vore interesserte, men ingen har hatt nok ressursar til å renovere Harastølen.

Selskapet Tinfos eig Harastølen. Administrerande direktør Tor Syverud seier dei ikkje lenger leitar etter nokon som kan kjøpe og drive bygget.

– Vi føler at dette prosjektet er så kjent at om det var nokre aktørar som var interesserte, så ville dei teke kontakt. Eg trur det går mot riving, seier Syverud.

Mange kjensler hos folk

Det trur han skjer i 2015. Men han seier dei ikkje ønsker å rive bygget.

– Harastølen vekkjer kjensler hos folk, så vårt førsteval er ikkje å rive. Det er vel meir ei erkjenning av vi ikkje får til noko anna. Vi har vore ganske aktive og har brukt mykje ressursar på det. Men vi ser ikkje at det er ein marknad for den type aktørar der ute, seier Syverdud.

Heller ikkje ordførar Ivar Kvalen ser nokon som vil bruke dei naudsynte 100–150 millionane på å restaurere og drive verksemd i bygget. Han seier kommunen har brukt fleire millionar dei siste 20 åra.

– Det har ikkje ført til noko som helst og vi har sagt vi ikkje går inn med meir midlar, seier Kvalen.