Hopp til innhold

Harastølen kulisse for nok ein filminnspeling

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

Nok ein gong har Harastølen vorte nytta som kulisse for filminnspeling. Denne gong er det sunnfjordbandet Drusar som har boltra seg i det gamle sanatoriumet.

– Harastølen er ein voldsomt spennande plass. Det er mange rom å velja i og veldig mykje som er nedfallent, seier Daniel Volle som er produsent for musikkvideoen.

Songen heiter «Svarte natta» og handlar om det å vera mørkeredd. I utgangspunktet var Volle ute etter noko gammalt og industrielt, men så byrja tankane å svirra til det nedlagte sanatoriumet i Luster.

– Vi kom over teaseren til Villmark 2 og det såg jo ut som ei passande plass, fortel bassist Øyvind Heggheim i Drusar.

Heggheim siktar til oppfølgaren til spelefilmen «Villmark», som i vår skal spelast inn nettopp på Harastølen.

– Når me fant ut at me kunne komme oss opp der på vinterstid, så gjekk vi for det, fortel Daniel Volle.

(Artikkelen held fram under biletet)

Harastølen i forfall

POPULÆR LOCATION: Harastølen vert av fleire nytta til innspeling av film. Men bygget har ikkje lenge att og leva.

Foto: Raymond Lidal / NRK

Bitande kaldt

For medlemmane i Drusar var dette første gong dei sto framfor det enorme bygget.

– Det er eit majestetisk bygg som også ligg majestetisk til. Eg hadde ikkje sett føre meg at det var såpass stort, fortel Heggheim.

Innspelinga gjekk føre seg i januar, noko som ikkje var ein særleg heit oppleving.

(Artikkelen held fram under biletet)

Drusar spelte inn musikkvideo på Harastølen.

KULDE: Det var ei kald erfaring å spele inn musikkvideo på Harastølen.

Foto: Privat

– Det var heilt forferdeleg egentlig. Det var bitande kaldt og -15 grader på det verste, og berre ein i bandet var snartenkt nok til å ha med seg termodress, ler Heggheim.

Dei heldt på frå tidleg morgon til seint på kvelden.

– Det var ganske utfordrande. Det var mykje snø og vi måtte bære masse bandutstyr og filmutstyr gjennom tjukk snø, fortel Volle og legg til at det inne i bygget er så mykje støv at det legg seg overalt.

Populært

Harastølen har fått mykje besøk dei siste åra. Sogndalsbandet Tom Stockman har også spelt inn video i bygget og spøkelsesjegarar har jakta overnaturelege opplevingar.

Men Luster kommune vil riva bygget. Daniel Volle vil ikkje spekulera i om det er difor det er vorte populært å bruka bygget.

– Eg har ikkje tenkt noko særleg på det men det kan jo henda det er slik. Når ein veit det skal vekk, så er det ok å bruka det før det forsvinn. Mange er jo oppe og tar bilder, fortel filmprodusenten.

– For min del kan det godt bli ståande, fordi eg ser på alt som er forfallent som perfekt å bruka i film. Men problemet her er jo at bygget er langt forbi sin levetid.

Volle seier det kan godt henda han vil bruka Harastølen fleire gonger før det forsvinn.

– Det er framleis mange rom att som kan vera kule å nytta

Slepp EP

Bassisten i Drusar fortel dei er svært fornøgde med resultatet av videoen. No ventar lansering av EP.

– Den skal vi etter planen sleppa i påsken. Vi har vore i Duper Studio i Bergen, og har spela inn tre låtar live. Nett som på gamlemåten, avsluttar Heggheim.