Hopp til innhold

Trur handelspark blir døden for sentrum

FØRDE (NRK): Professor Jørgen Amdam gir Førde kommune og innbyggjarane ei kraftig åtvaring om at ein handelspark på fleire tusen kvadratmeter på Brulandsvellene kan føre til butikkdød i sentrum.

Jørgen Amdam

BUTIKKDØD: Professor Jørgen Amdam åtvara mot butikkdød, og meiner det vil bli vanskeleg å få nye aktivitetar inn i sentrum

Foto: Sindre Sunde Tveit / NRK

– Du tømmer sentrum for funksjonar. Det blir mindre attraktivt å vere i senteret, og du kan etter kvart få eit dødt sentrum, seier Jørgen Amdam som er professor i samfunnsplanlegging ved Høgskulen i Volda.

I går heldt Arbeidarpartiet folkemøte om Førde kommune sine planar om handelspark på 70.000 kvadratmeter på Brulandsvellene, utanfor Førde sentrum. Professoren malte eit dystert bilete av framtida for sentrum dersom handelsparken vert bygd.

– Det er store utfordringar med å få nye aktivitetar inn. Ein greier det i større område som Ålesund, men eg fryktar det ikkje vil skje her i Førde, seier Amdam.

Folkemøte Brulandsvellene

50 FRAMMØTTE: Dei fekk høyre argument for og mot den store handelsparken på Brulandsvellene.

Foto: Sindre Sunde Tveit / NRK

Konkurranse eller ikkje?

Brulandsvellene vil bli ein av landets største handelsparkar. Målet er vekst, fleire arbeidsplassar og meir trivsel i byen. Berre store ting som kvitevarer og møblar skal seljast på Brulandsvellene.

Johan Magerøy, som representerer næringsinteressene i sentrum, trur ikkje slike avgrensingar vil vere nok, og at butikkdød i sentrum blir resultatet.

– Kommunen klarar ikkje å avgrense kva som kjem i butikkane der oppe viss dei opnar for detaljhandel. Då får du konkurranse mot sentrum, og store aktørar på Brulandsvellene vil fort kunne konkurrere ut ein del butikkar i sentrum.

Johan Magerøy

TOMME VINDAUGE: Johan Magerøy trur handelspark utanfor sentrum vil gje tomme vindauge og lokale i sentrum.

Foto: Sindre Sunde Tveit / NRK

Arild Meisterplass, styreleder i Citus AS, som vil bygge ut på Brulandsvellene, seier dei vil satse på sentrum, og at storbutikkane i handelsparken ikkje vil bli ein trussel.

– Me snakkar om to forskjellige type handel. I sentrum vil det vere mindre butikkar. Men dei store konsepta er ikkje eigna i sentrum, og ønsker ikkje å vere i sentrum. Vi må også legge til rette for dei.

Arild Meisterplass

ULIKE HANDLAR: Det blir ulike handlar på Brulandsvellene og i sentrum, og vil ikkje bli konkurranse, sa Arild Meisterplass då han talte.

Foto: Sindre Sunde Tveit / NRK

Kan handelsparken stogge handelslekkasjen?

Mange reiser i dag til store kjøpesenter og butikkar i Bergen. Meisterplass trur handelsparken kan bremse handelslekkasjen.

– Fleire og fleire besøker desse populære konsepta utanfor fylket vårt. Har vi tilbod her, er det ikkje grunn til å reise til Bergen.

Professor Amdam trur derimot ikkje at handelsparken vil stoppe folk frå å reise til storbyane for å kjøpe ting.

– Tilbodet vil uansett vere større og breiare i Ålesund, og spesielt i Bergen, enn det dei greier å få til her i Førde.

Om ein til to månadar skal bystyret i Førde avgjere om det blir handelspark på Brulandsvellene.