Magerøy var tysdag ein av fleire hundre frammøtte på folkemøtet om arealplan for Førde kommune.
Han er styreleiar i Førde Sør og representerer næringsinteresser i sentrum. Han meiner det var feil å opne for butikkane som allereie er på Brulandsvellene.
- Les også: Enorm interesse tok kommunen på senga
– No er det slik at potensielle investorar i Førde, lurer på om dei skal tørre å satse i sentrum. Nei, det vågar dei ikkje, sa Magerøy under møtet.
– Blodtapping av sentrum
Dei fleste som tok ordet då handelsparken var oppe til debatt, var kritiske. Kommunen har ambisiøse planer og siktar mot over 15.000 innbyggjarar i 2027. Det utløyser behov for 1.200 bueiningar, som hovudsakleg skal plasserast i sentrum.
Kommunesenteret skal omstrukturerast og på Brulandsvellene tenkjer dei seg ein gedigen handelspark. Kritikarane fryktar for dyrka mark og eit sentrum som vil liggje brakk.
– Om ein legg endå meir opp dit, så blir det blodtapping av sentrum, sa Magerøy.
– Det er eitt poeng
– Kvifor er det så ille å tape eit sentrum, eller flytte eit sentrum? Ein vil jo ha dei same tilboda, berre ein annan stad ...
– Kvifor skal vi bruke pengar på å satse på sentrum om vi ikkje meiner noko med det?
Høgre-ordførar Olve Grotle vedgår at han kjenner til problema.
– Det er eit poeng at det i ein periode no har vore litt unntakstilstand, på den måten at dei som kan tenkje seg å investere i sentrum sit litt på gjerdet, seier han.
Kinderegg
Grotle trur likevel på ei arbeidsfordeling med meir tradisjonell handel i sentrum, og større ting som kvitevarer og møblar på Brulandsvellene. Kommunen føreslår ein minimumsstorleik på 1.500 kvadratmeter på butikkane og set krav til kva varetypar det skal vere.
Toppen 25 prosent av omsetnaden kan kome frå andre vareslag enn primærvareslaget.
– Det er nettopp dette vi meiner kan skape utvikling på Brulandsvellene og positiv utvikling. Det er eit slags kinderegg, seier Grotle.