Hopp til innhold

Trur Førde kan nærme seg europatoppen

SANDE (NRK): Sentrale spelarar er overtydde om at Førde sine volleyherrar kan klare klubben sitt hårete mål om kvartfinale i Europacupen.

Her avgjer Førde den første sluttspelfinalen mot Nyborg.

SENKA NYBORG: Førde sikra sigeren i den første av finalekampane om seriemeisterskapet. Kampen blei spelt i Gaularhallen på Sande.

– Eg trur kvartfinale er fullt mogleg. Men vi må halde fram med å dyrke unge spelarar og trene mykje. Vi er ikkje langt unna, seier Mathias Loftesnes til NRK.

Sogndølen med profferfaring frå fleire klubbar i utlandet, meiner at dagens unge Førde-mannskap bør klare å byggje seg opp til å kjempe med dei beste klubbane i Europa i løpet av dei næraste åra.

Solid siger på heimebane

Søndag var det derimot seriemeisterskapet det handla om for Loftesnes og dei andre Førde-spelarane. I første finalekamp mot Nyborg meistra Førde oppgåva strålande og vann 3–1 i sett.

– Eg er utruleg letta og vi har eit godt utgangspunkt for neste helg. I dag er vi jamt over ganske gode. Vi gjer lite feil og spelar på eit høgt nivå. Neste helg må vi gå ut med like god sjølvtillit, slår Mathias Loftesnes fast.

Kan sikre meisterskapet

For komande helg blir kampen om seriemeisterskapet avgjort med ein, eller to kampar i Bergen. Om Førde vinn laurdagen, så er sigeren i boks. Om Nyborg slår Førde, blir det ein tredje finalekamp søndagen.

– No må vi ha ei god treningsveke, lade batteria og møte opp i Stemnemyren for å ta tre nye sett. Det er det som skal til, seier ars Fredrik Tvinde.

Som ein av Førde sine heilt sentrale spelarar er han overtydd om at dei skal klare å sikre seg seriemeisterskapet. Tidlegare i vinter var han med og sikra Førde NM-gull og siger i cupfinalen.

Trur på langsiktige mål

Alt ligg no til rette for at det unge Førde-mannskapet skal klare å flytte den lokale volleyen opp enda eit par hakk. Då gjeld også målet om å nå kvartfinale i Europacupen.

– Den kulturen vi har byrja å byggje opp er god nok for å nå slike mål. Vi må få inn folk som er ivrige og har lyst til å bli betre, og få opp snittalderen på laget. Då trur eg det er fullt mogleg, meiner Tvinde.