Hopp til innhold

Følling har lite tru på Frp sitt flytte-forslag

Fylkesvaraordførar Jenny Følling (Sp) meiner det er totalt urealistisk med ei ordning der ein betalar folk for å flytte frå små rasfarlege stadar.

Jenny Følling og Frank Willy Djuvik

IKKJE IMPONERT: Fylkesvaraordførar Jenny Følling (Sp) trur ikkje Frank Willy Djuvik sin idé er vegen å gå.

Foto: Oddleif Løset / NRK

Det var i går fylkesleiar Frank Willy Djuvik i Framstegspartiet kom med utspelet om at ein i staden for å rassikre vegar til utsette stader, heller kan betale folk for å flytte derifrå.

Men Følling har fint lite tru på at ei slik ordning vil vere levedyktig eller mogleg å gjennomføre.

Trur ikkje Djuvik ser omfanget

– Eg trur det blir eit veldig krevjande system å innføre ei ordning der ein tilbyr folk å flytte fordi det er rasfarleg. Eg trur heller ikkje han kjenner omfanget av dette, og kor mykje det vil koste i kroner og øre, seier fylkesvaraordførar Jenny Følling (Sp).

Ho meiner det er viktigare å sikre at det ikkje er rasfare der ein byggjer hus, samtidig som det må vere frivillig kor folk vel å busetje seg.

Berre på Vestlandet vil det koste opp mot 30 milliardar å rassikre vegane. For neste år løyver politikarane ein milliard kroner, og det vil truleg gå fleire tiår før det blir gjort noko på mange av dei rasfarlege stadene i fylket.

Må kjempe for meir midlar

Følling meiner ein bør bruke krefter på å skaffe til vegar meir pengar til rassikring.

– Ein må kjempe for å få meir middel til rassikring, samt ha kriterium som fangar opp kor mange som bur der og kor ofte det går ras, og så prøve å prioritere ut ifrå det, seier Følling.

Ho trur ikkje Djuvik sin idé vil vere løysinga.

– Dette trur eg er heilt urealistisk. Og eg trur det vil vere eit krevjande system, for kor vil han setje grensa, spør Følling.

Ho peikar også på at det ikkje ville bli reint få som måtte få tilbod om kompensasjon for å flytte her i fylket, dersom Djuvik sitt forslag blei alvor.

– Når vi har 300–400 punkt i fylket som er rasfarlege, og vi har klart å prioritere ti av dei, så kan det bli mange ein må be flytte, seier Følling.

(Artikkelen held fram under innslaget)

Video Vil kjøpe folk ut av småbygdene

Vil kjøpe folk ut av småbygdene

Innser at vi bur i eit rasfarleg fylke

Men ho har ingen problem med at Djuvik får greia ut moglegheita for eit slikt system. Sjølv ser ho ikkje for seg andre alternative løysingar for folk som bur på rasutsette stader.

– Eg ser ingen andre løysingar enn at ein arbeider for å rassikre der det er stor fare for ras, og at ein får meir pengar til å rassikre. Vi bur i eit fylke der det er store farar for ras, så eg vil heller setje inn kampen for å få gjort noko der, seier Følling.

I snitt går det opptil fleire ras kvar einaste dag langs norske vegar. Statens vegvesen har vurdert rasfaren langs riks- og fylkesvegane, og la nyleg fram ferske rapportar som syner eit enormt behov for rassikring. Berre på Sørlandet, Vestlandet og i Nord-Norge er behovet minst 40 milliardar kroner.