Hopp til innhold

Ras stengde vegen for 18. gong

Marianne Navelsaker merkar av på kalenderen kvar gong vegen inn til bygda vert stengd av ras. Onsdag måtte ho bruke raudblyanten for 18. gong i vinter.

Ras stengjer vegen til Navelsaker

STENGD: Raset som kom på fylkesveg 664 til Navelsaker onsdag er vel 2 og ein halv meter på det høgaste.

Foto: Marianne Navelsaker

- Eg høyrde det rasa og køyrde ut for å sjekke. Og eg fekk rett, det hadde gått eit nytt ras over vegen, seier Navelsaker til NRK.

Vegen stengd av to meter høgt ras

Ho er ein av 12 innbyggjarar i den vesla bygda Navelsaker i Eid kommune. I løpet av vinteren har det gått ei rekkje ras på fylkesveg 664 inn i bygda.

- Eg har merka av på kalenderen kvar gong. Når eg tel over no, så kjem eg til 18 dagar der vegen har vore stengt, fortel Navelsaker.

Onsdag skjedde det igjen, då eit vel to meter høgt og fire meter breitt snøskred kom over vegen ved Svagrova. Det er berre ein av fleire stader langs vegen der rasa kjem.

- Det var ikkje heilt uventa at det skulle kome noko skred, og det skjer på akkurat dei same plassane, seier Navelsaker litt oppgitt.

(Artikkelen held fram under biletet)

Ras på fylkesvegen til Navelsaker

VANLEG: Dei 12 innbyggjarane i Navelsaker har blitt vande med at det går ras langs vegen inn til bygda.

Foto: Marianne Navelsaker

Har gått 2400 ras siste fire åra

Og ho er ikkje åleine. Over 900 stadar langs vegane på Vestlandet er det fare for at det kan kome ras.

Berre dei siste fire åra har det gått 2400 ras på vegane i Sogn og Fjordane og Hordaland, og å sikre alle vegane i landet vil truleg koste 40 milliardar kroner.

(Artikkelen held fram under TV-saka)

Video Vil ha pengar til rassikring

Mange meldingar om ras

Også på Vegtrafikksentralen har dei fått inn mange meldingar om ras på vegen til Navelsaker.

- Når eg tel raskt over kjem eg til nær 20 meldingar om at vegen har vore stengt grunn ras og rasfare, seier vaktoperatør Ketil Molvær ved Vegtrafikksentralen i Lærdal.

- Er dette ei spesielt utsett strekning?

- Ja, det er nok det.

Vert opna att i dag

Innbyggjarane på Navelsaker har måtte lære seg å leve med rasfaren.

- Vi konstaterer at det har gått eit ras, melder frå, og så må vi smørje oss med tålmod, seier Marianne Navelsaker til NRK.

Vegen til Navelsaker blir ikkje opna i dag på grunn av snøraset.