Hopp til innhold

Folk er livredde for skred

Dei mange skreda den siste tida gjer folk utrygge.

Her blir Olav J. Bøtun gravd ut frå snøraset.

Olav J. Bøtun måtte gravast fri frå snømassene som fredag kom ned frå fjellet og trefte han.

Foto: MMS- Øydis Kleppe Bøtun

Vinteren har vore snørik og kraftig regn har ført til ekstrem skredfare, og ikkje minst mange snøskred. Seinast fredag vart eit 20-tals personar innestengde på Vikafjellet etter at det gjekk fleire skred.

- Vi blir meir merksame og reddare for å køyre. Når vi køyrer, så har vi merksemda delt mellom vegen og fjellsida, fortel psykolog Per Steinar Melås.

(ARTIKKELEN HELD FRAM UNDER TV-INNSLAGET)

Video nsps_upload_2010_3_19_18_34_34_65.JPG

Nær treft av stein

Kari Eikenes Helle fekk sjølv eit ublidt møte med naturkreftene på ein av sine mange turar langs ei rasutsett strekke i Sunnfjord. Det var ikkje snakk om eit snøskred, men ein stor steinblokk som deisa i bakken like ved sidan av bilen hennar.

- Eg var sikker på at bilen skulle bli knust, men den landa mot eine hjulet og øydela hjulkapselen, fortel ho.

Mykje dramatikk

Helle er ikkje den einaste som i vinter har fått testa nervane sine på vestlandsvegane. I Flora vart ein kvinneleg bilist begravd av eit stort snøskred ved Haukåtunnelen og i Stongfjorden fekk studentar eit snøskred i bilsida .

I Våtedalen vart ein buss med 20 personar feia av vegen av trykkbølgja frå eit snøskred . Fredag var Vikafjellet åstadd for eit skreddrama. Olav J. Bøtun vart treft av snøskred medan han snakka med ein annan bilist.

Skreda har så langt ikkje teke liv, men episodane er skremmande for mange. Ikkje berre for dei som står midt i det.

- Eg prøver å ikkje vere panisk, men eg tenkjer litt på det, vedgår Helle.