Hopp til innhold

«Eg har behandla denne saka i 30–35 år, det er framleis ein del år att»

NAUSTDAL (NRK): Selskapet Arctic Mineral Resources har meldt seg på for å få drive mineralutvinning i Engebøfjellet. Naustdal-politikarar er einige om at det vil og bør ta tid før gruvedrifta blir ein realitet.

Sv-politikar i Naustdal, Åsmund Berthelsen

VIL TA TID: Gruppeleiar for SV i Naustdal kommunestyre, Åsmund Berthelsen, meiner det framleis vil ta lang tid før gruvedrift i Engebøfjellet blir ein realitet.

Foto: Fredrik Helland / NRK

Nyleg blei det kjent at Arctic Mineral Resources (AMR) har knytt til seg fem grunneigarar som eig delar av Engebøfjellet, og vil vinne ut granat utan bruk av dagbrot og fjorddeponi.

Med AMR på bana, reiser spørsmålet seg om kven som har rett til drive utvinning på Engebø.

– No har eg vore med og behandla denne saka i 30–35 år, det er framleis ein del år att, trur eg, seier kommunestyrerepresentant for SV i Naustdal, Åsmund Berthelsen.

– Dersom ein greier få det til, for det er ikkje nokon lett industri å etablere.

Planane til selskapet Nordic Mining om å vinne ut minerala rutil og granat og ha deponi i Førdefjorden, er velkjende. Ifølgje Firda hadde Nordic Mining ein avtale med tre grunneigarar fram til årsskiftet, men denne skal ikkje lenger vere gyldig.

Må avklare

Med nye element i saka er det rett å bruke tid, meiner kommunestyrerepresentant for Senterpartiet, Erlend Haugen Herstad.

– Eg er ikkje ein pådrivar av at ting skal gå raskast mogleg, men at prosessane skal vere nøye og gode. Det er positivt og styrkjer prosjektet at ein får avklart det som er uavklart.

Erlend Herstad (Sp)

RETT Å BRUKE TID: – Det er positivt og styrkjer prosjektet at ein får avklart det som er uavklart, meiner Sp-politikar i Naustdal, Erlend Haugen Herstad.

Foto: Bård Siem / NRK

Berthelsen meiner prosessen ville teke tid uavhengig av AMR.

– Det Nordic Mining underkommuniserer, er at dei skal ha driftskonsesjon. Der er det ganske lang behandlingstid.

Positivt

I kommunestyremøtet i Naustdal torsdag stilte SV-politikaren spørsmål til ordføraren om Engebø-prosjektet. Berthelsen ville vite om endra planar og Nordic Mining sine manglande avtalar med grunneigarar, gir grunnlag for ny sakshandsaming.

Sjølv ser han positivt på at Nordic Mining har fått ein konkurrent.

– Eg oppfattar det som positivt at det kjem fleire på bana som legg i botnen at det ikkje skal vere fjordfylling og dagbrot. Så langt eg har lese, så har dei ganske dei har seriøse interesser og også kompetanse på feltet.

Herstad har ikkje så mange meiningar om det nye selskapet.

– Men eg tenkjer at det er veldig naturleg at dei som er grunneigarar i Engebøfjellet ønskjer å sjekke ut den retten dei moglegvis har i ressursen på Engebø. Korleis dei organiserer seg for å få det til, blir opp til dei.

Ikkje teke kontakt

Planane til AMR har vore kjende nokre dagar. Naustdal-ordførar Håkon Myrvang (Ap) har enno ikkje høyrt frå selskapet.

– Sakene Nordic Mining har, handterer vi fortløpande. Når det gjeld det nye selskapet har vi rettleiingsplikt for korleis dei skal handtere dette etter plan- og bygningslova, så det er der vi må begynne.